열왕기하 11장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 21절
- 1 Då Atalja, mor åt Ahazja, fekk vita at son hennar var dåen, tok ho seg fyre å tyna heile kongsætti.
- 2 Men nett med same kongssønerne skulde lata livet, tok Joseba, dotter åt kong Joram, syster åt Ahazja, fekk taka i Joas Ahazjason og berga honom undan saman med fostermor hans, inn i sengkammerset, og soleis løynde dei honom for Atalja, so han ikkje vart drepen.
- 3 So var han hjå henne i Herrens hus, burtgøymd, i seks år, medan Atalja styrde landet.
- 4 I det sjuande året sende Jojada bod og henta hovudsmennerne for livvakti og førde deim inn til seg i Herrens hus. Og han hadde gjort ein avtale med deim og teke deim i eid der i Herrens hus, synte han deim kongssonen.
- 5 So baud han deim: «Høyr no korleis de skal fara åt: Den eine tridjepart av dykk som tek vakthaldet på kviledagen, skal halda vakt i kongsgarden,
- 6 den andre tridjeparten i Sur-porten, tridje tridjeparten i porten bak drabantarne; de skal greida vakti til vern åt huset.
- 7 Båe dei hine vaktskifti, alle dei av dykk som skulde verta avløyste frå vakt på kviledagen, dei skal halda vakt um kongen i Herrens hus;
- 8 de skal gjera manngard rundt ikring kongen, kvar mann med våpn i hand! kjem nokon innpå rekkjorne, so hogg honom ned! Soleis skal de vera med kongen både når han gjeng ut, og når han gjeng inn.»
- 9 Hovudsmennerne gjorde alt soleis som presten Jojada baud; kvar og ein tok sine folk, både dei som skulde taka ved vakti um kviledagen og dei som skulde ganga frå um kviledagen; dei kom til presten Jojada,
- 10 og presten gav hovudsmennerne dei spjoti og dei skjoldarne som kong David hadde ått, og som var i Herrens hus.
- 11 Livvakti tok post, kvar med våpn i hand, frå sudsida av huset til nordsida av huset, til altaret, og derifrå til huset att, i manngard kring kongen.
- 12 So leidde han kongssonen ut og sette på honom kruna og gav honom lovi. Dei tok honom til konge og salva honom, klappa i henderne og ropa: «Live kongen!»
- 13 Då Atalja høyrde ropet frå livvakti og folket, gjekk ho til Herrens hus, der folket stod.
- 14 Der fekk ho då sjå kongen standa på den høge tramen, som skikken var, og hovudsmennerne og lurblåsarane attmed kongen, og alt landsens folk som fegnast og bles i lur. Då reiv Atalja sund klædi sine og ropa: «Samansverjing, samansverjing!»
- 15 Presten Jojada baud hovudsmennerne, herførarne: «Leid henne ut millom rekkjorne!» sagde han til deim, «og er so nokon fylgjer etter henne, so hogg honom ned!» Presten vilde ikkje ho skulde verta drepi i Herrens hus.
- 16 Dei tok henne då og førde henne inn i kongsgarden gjenom hesteporten; og der let ho livet.
- 17 Jojada gjorde den pakti millom Herren og kongen og folket, at dei skulde vera Herrens folk. Ogso millom kongen og folket gjorde han semja.
- 18 Alt landsens folk gjekk so av stad burt til Ba’als-huset og reiv det ned, og altari hans og bilæti krasa dei i mol og mask. Mattan, Ba’als-presten, drap dei framfor altari. So sette Jojada vaktmenner ved Herrens hus.
- 19 Deretter tok han med seg hovudsmennerne og livvakti og alt landsens folk, og dei førde kongen frå Herrens hus inn i kongsgarden gjenom livvakt-porten. Han sette seg på kongsstolen,
- 20 og alt folket fegnast; og byen kom til ro. Men Atalja hadde dei hogge i hel i kongsgarden.
- 21 Sju år gamall var Joas då han vart konge.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗