열왕기하 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 열왕기하 (2 Kings) · 36절
- 1 Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til dei øvste i Jizre’el, til styresmennerne og til dei fosterfeder Ahab hadde sett inn, og der sagde han:
- 2 «- - Og når de no fær dette brevet, de som hev hjå dykk sønerne åt herren dykkar, de som råder yver vognerne og hestarne, og hev festning og våpn,
- 3 so kåra ut den hævaste og likaste av sønerne åt herren dykkar, og set honom upp på kongsstolen åt far hans, og strid so for ætti åt herren dykkar!»
- 4 Men dei vart reint livrædde. «Når ikkje dei tvo kongarne stod seg mot honom,» sagde dei, «kor kann då me?»
- 5 Drottseten og byhovdingen og dei øvste og fosterfederne sende det svaret til Jehu: «Dine tenarar er me; alt det du byd oss, gjer me; ingen vil me kåra til konge. Gjer du som du tykkjer sjølv!»
- 6 Då skreiv han eit nytt brev til deim: «Er so det held med meg og lyder mine bod, so hogg hovudi av kongssønerne, og kom til meg i morgon dette bil, til Jizrael!» Dei sytti kongssønerne budde hjå stormennerne i byen, dei som fostra deim.
- 7 Då dei fekk brevet, tok dei kongssønerne og drap deim, alle sytti, lagde so hovudi i korger og sende deim til honom i Jizre’el.
- 8 Då han fekk bod at dei var komne med hovudi av kongssønerne, sagde han: «Legg dei i tvo dungar attmed byporten til i morgon!»
- 9 Morgonen etter for han dit ut, steig fram og tala for folket: «De er skuldlause. Det var eg som fekk i stand samansverjingi mot herren min; det var eg som drap honom; men kven hev slege i hel alle desse?
- 10 Skyna då at ikkje eitt av Herrens ord hev vorte til inkjes, av det Herren tala mot Ahabs hus. Herren hev gjort so som han tala ved Elia, tenaren sin.»
- 11 Jehu slo i hel alle som var att av Ahabs hus i Jizre’el, like eins alle stormennerne hans og venerne hans og prestarne hans, so ingen vart att eller slapp undan.
- 12 So tok han ut og for av stad til Samaria. På vegen dit attmed Gjætar-Bet-Eked
- 13 råka han på brørne til Ahazja, kongen i Juda. «Kven er de?» spurde han. Dei svara: «Brørne til Ahazja er me; me er på veg og vil helsa på kongssønerne og sønerne åt kongsmori.»
- 14 «Fanga deim livande!» ropa han. Dei so gjorde. Og han drap deim og kasta deim i brunnen i Bet-Eked, tvo og fyrti i talet; ikkje ein av deim vart spard.
- 15 På vegen derifrå møtte han på Jonadab Rekabsson. Han helsa og spurde: «Er du likso ærleg i hugen mot meg, som eg er mot deg?» «Ja,» svara Jonadab. «Er du det so gjev meg handi!» Han so gjorde, og dermed drog han honom upp til seg i vogni.
- 16 «Køyr med meg,» sagde han, «so skal du sjå kor brennhuga eg er for Herren!» So fekk han køyra med honom i vogni.
- 17 Då han kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen; han tynte deim alle, soleis som Herren hadde sagt til Elia.
- 18 So stemnde Jehu saman alt folket og tala til deim: «Ahab dyrka Ba’al lite, Jehu vil dyrka honom mykje.
- 19 Stemn no i hop til meg alle Ba’als-profetarne, alle dyrkarne hans, og alle prestarne hans, ikkje ein må vanta! for eg etlar halda ein stor offerveitsla for Ba’al; og kvar som vantar, skal bøta med livet.» Jehu gjorde det på svik, av di han vilde rydja ut Ba’als-dyrkararne.
- 20 Jehu baud: «Lys ut ei stor samlingshøgtid for Ba’al!» Dei lyste henne ut.
- 21 Jehu sende bod kring i heile Israel, og alle Ba’als-dyrkararne kom; det var ikkje ein som ikkje møtte. Dei gjekk inn i Ba’als-templet, og Ba’als-templet vart fullt frå ende til annan.
- 22 So baud han tilsynsmannen yver klædebui: «Tak fram bunader åt alle Ba’als-dyrkararne!» Og han tok fram bunader åt deim.
- 23 So gjekk Jehu og Jonadab Rekabsson inn i Ba’als-templet. Han bad Ba’als-dyrkararne agta på og sjå etter at det ikkje fanst nokon av Herrens tenarar millom deim, anna einast Ba’als-dyrkarar.
- 24 So gjekk dei inn og ofra slagtoffer og brennoffer. Jehu hadde sett åtteti mann utanfor og sagt: «Slepp det undan ein einaste av deim eg gjev i dykkar hende, skal de bøta liv for liv!»
- 25 Då han so var ferdig med å ofra brennofferet, baud Jehu livvakti og kjemporne: «Inn og slå deim i hel! Slepp ingen ut!» Dei hogg deim ned, og kasta ut liki. So trengde livvakti og kjemporne seg inn i det inste av Ba’als-templet,
- 26 og kasta ut stolparne i Ba’als-templet og brende deim upp.
- 27 Dei reiv ned Ba’als-sula, og dei reiv ned heile Ba’als-templet, og laga det um til naudturftstad, som finst den dag i dag.
- 28 So øydde Jehu Ba’al ut or Israel.
- 29 Men han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam Nebatsson, som han hadde forført Israel til: gullkalvarne i Betel og Dan.
- 30 Herren tala til Jehu: «Av di du gjorde til gagns det som eg tykkjer er rett, med di du gjorde alt det eg hadde etla Ahabs-ætti, so skal barnebarns-borni dine sitja på Israels kongsstol.»
- 31 Men Jehu heldt seg ikkje heilt etter Herrens, Israels Guds, lov; han gav ikkje upp synderne hans Jerobeam, som han hadde forført Israel til.
- 32 Ved denne tid tok Herren til å skjera stykke or Israel. Hazael slo deim langs heile Israels landskil;
- 33 på austsida av Jordan tok han heile Gileadlandet, Gads-ætti, Rubens-ætti, Manasse-ætti, frå Aroer ved Arnonåi, heile Gilead og Basan.
- 34 Det som elles er å fortelja um Jehu, um alt det han gjorde og alle hans storverk, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
- 35 Jehu lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i Samaria. Joahaz, son hans, vart konge i staden hans.
- 36 Den tidi Jehu var konge yver Israel i Samaria, var åtte og tjuge år.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗