역대하 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대하 (2 Chronicles) · 14절
- 1 Då no heile det arbeidet var ferdigt som Salomo let gjera åt Herrens hus, då førde Salomo inn dit heilaggåvorne åt David, far sin: sylvet og gullet og alle gognerne lagde han ned i skattkammeri i Guds hus.
- 2 So kalla Salomo saman styresmennerne i Israel og alle ættarhovdingarne, formennerne for ættgreinerne åt Israels-sønerne, til Jerusalem for å føra Herrens sambandskista upp ifrå Davidsbyen, det er Sion.
- 3 Då samla alle Israels-mennerne seg hjå kongen i helgi; det er den sjuande månaden.
- 4 Og alle styresmennerne i Israel kom, og levitarne bar kista.
- 5 Og dei førde kista og møtetjeldet dit upp og alle dei heilaggognerne som var i tjeldet, og prestarne og levitarne bar deim.
- 6 Og kong Salomo og heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå honom, dei stod framfyre kista og ofra småfe og storfe, so mange at dei ikkje kunde reknast eller teljast.
- 7 So førde prestarne Herrens sambandskista inn på staden sin i koren i huset, i det høgheilage, under vengjerne åt kerubarne.
- 8 Og kerubarne breidde ut vengjerne sine yver den staden der kista stod, og soleis tekte kerubarne yver kista og berestengerne hennar.
- 9 Berestengerne var so lange at ein såg stongendarne som stod fram frå kista, framanfor koren; men ein såg deim ikkje utanfor. Og dei vart verande der til den dag i dag.
- 10 Det fanst ikkje anna i kista enn dei tvo tavlorne som Moses hadde lagt ned i henne ved Horeb, då Herren gjorde samband med Israels-borni då dei drog ut or Egyptarland.
- 11 Då prestarne so gjekk ut or heilagdomen, for alle dei prestarne som var der, hadde vigt seg, so det var ikkje naudsynlegt å halda seg etter skifti,
- 12 og alle dei levitiske songararne, både Asaf, Heman og Jedutun og sønerne og brørne deira, stod i kvite linklæde med cymblar, harpor og cithrar austanfor altaret, og hjå deim hundrad og tjuge prestar som bles i lurar,
- 13 og i same augneblinken då lurblåsarane og songarane sette i alle som ein med å lova og prisa Herren, og dei let lurarne og cymblarne og spelgognerne klinga, og lova Herren for han er god, og hans miskunn varer æveleg - då vart huset, Herrens hus, fyllt av ei sky,
- 14 so prestarne kunde ikkje standa og gjera tenesta for skuld skyi; for Herrens herlegdom fyllte Guds hus.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗