역대하 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대하 (2 Chronicles) · 22절
- 1 Og han gjorde eit altar av kopar, tjuge alner langt, tjuge alner breidt og ti alner høgt.
- 2 Og han gjorde havet i støypt arbeid; det var ti alner frå den eine kanten til den andre, rundt alt ikring, fem alner høgt, og ei mælesnor på tretti alner gjekk ikring det.
- 3 Under kanten var det sett bilæte av uksar rundt ikring det; det var ti på kvar aln, det var tvo rader av deim rundt heile havet, og dei var støypte saman med det.
- 4 Det stod på tolv uksar; av deim snudde tri mot nord, tri mot vest, tri mot sud, og tri mot aust, soleis at havet var ovanpå deim, og dei snudde bakkropparne innetter.
- 5 Det var ei handbreidd tjukt, og kanten var som på eit staup og laga som ein liljeblom. Det tok tri tusund anker.
- 6 Framleides gjorde han ti tvåttebaljor, og av deim sette han fem på høgre og fem på vinstre sida; i deim skylde dei det som høyrde til brennofferi, men havet bruka prestarne til tvætte.
- 7 Og han gjorde ti ljosestakar av gull i samhøve med det som var fyreskrive, og sette deim i tempelbygnaden, fem på høgre og fem på vinstre sida.
- 8 Og han gjorde ti bord, som han sette i templet, fem på høgre og fem på vinstre sida. Han gjorde og hundrad skåler av gull.
- 9 Framleides gjorde han prestetunet og den store garden og dører til garden, og dørerne klædde han med kopar.
- 10 Havet sette han upp på høgre sida mot sudaust.
- 11 Huram gjorde oskefati og skuflerne og skålerne, og han fullførde det arbeidet som han gjerde for kong Salomo i Guds hus:
- 12 tvo sulor med dei tvo kulorne og hovudi ovanpå deim, dei tvo neti til å klæda dei tvo kulerunde hovudi på sulorne,
- 13 dei fire hundrad granatepli til dei tvo neti, tvo rader med granateple for kvart net til å klæda dei kulerunde hovudi på sulorne,
- 14 og fotstykki gjorde han, og baljorne gjorde han på fotstykki,
- 15 havet, eitt stykke, med dei tolv uksarne under.
- 16 Oskefati, skuflerne og gaflarne og alt det som høyrde til, gjorde Huram, far hans, til Herrens hus, for kong Salomo, dei var av blank kopar.
- 17 Kongen støypte deim nedi Jordan-kverven, i støypeformar av jord millom Sukkot og Seredata.
- 18 Alle desse tingi let Salomo gjera i stor mengd, for det vart ikkje røkt etter kva koparen vog.
- 19 Framleides gjorde Salomo alle dei tingi som skulde vera i Guds hus: gullaltaret, bordi som skodebrødi var på,
- 20 ljosestakarne med lamporne, som skulde kveikjast på fyreskriven måte, framfyre koren, av skirt gull,
- 21 med blomarne og lamporne og ljossakserne av gull, og det av det aller beste gullet,
- 22 knivarne og skålarne og kannorne og glodpannorne av skirt gull, og med umsyn til inngangarne til huset, so var dei indre dørerne til det høgheilage romet, og dørerne i huset, som førde til tempelsalen, av gull.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗