역대상 27장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 34절
- 1 Og dette er Israels-sønerne, etter talet deira, med ættarhovdingarne og med herhovdingar yver tusund og hundrad og tilsynsmennerne deira, som tente kongen i alt som vedkom herflokkarne; dei herflokkarne gjekk inn og gjekk ifrå for til skiftes kvar månad i året, og kvar flokk var fire og tjuge tusund mann sterk.
- 2 Yver den fyrste skiftet, for den fyrste månaden, stod Jasobam Zabdielsson; og i hans skift var det fire og tjuge tusund mann.
- 3 Han var av Peres-sønerne og var hovding for alle hovudsmennerne den fyrste månaden.
- 4 Yver det andre månadsskiftet, stod Dodai, ahohiten; der var og fyrsten Miklot. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 5 Tridje herhovdingen, for den tridje månaden, var Benaja, son åt presten Jojada, yverhovding. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 6 Denne Benaja var ei kjempa millom dei tretti, og hovding for dei tretti. Og i hans skift var Ammizabad, son hans.
- 7 Den fjorde, som gjorde tenesta den fjorde månaden, var Asael, bror åt Joab, og etter honom Zebadja, son hans. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 8 Den femte, for den femte månaden, var Samhut, jizrahiten. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 9 Den sette, for den sette månaden, var Ira Ikkesson, frå Tekoa. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 10 Den sjuande, for den sjuande månaden, var peloniten Heles, av Efraims-sønerne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 11 Den åttande, for den åttande månaden, var husatiten Sibbekai, som høyrde til zerahitarne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 12 Den niande, for den niande månaden, var Abiezer frå Anatot, av Benjamins-ætti. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 13 Den tiande, for den tiande månaden, var Maharai frå Netofa, som høyrde til zerahitarne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 14 Den ellevte, for den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraims-sønerne. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 15 Den tolvte, for den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniels-ætti. Og i skiftet hans var fire og tjuge tusund.
- 16 Og dette er ættarhovdingarne yver Israel: Jarlen for rubenitarne var Eliezer Zikrison, for simeonitarne Sefatja Ma’akason;
- 17 for Levi Hasabja Kemuelsson, for Arons-ætti Sadok,
- 18 hjå Juda Elihu, ein av David brør, for Issakar Omri Mikaelsson,
- 19 for Sebulon Jismaja Obadjason, for Naftali Jerimot Azrielsson
- 20 for Efraims-sønerne Hosea Azazjason, for den halve Manasse-ætti Joel Pedajason,
- 21 for den halve Manasse-ætti i Gilead Jiddo Zakarjason, for Benjamin Ja’asiel Abnersson,
- 22 for Dan Azarel Jerohamson. Dette var ættarhovdingarne i Israel.
- 23 Men David tok ikkje tal på deim som var yngre enn tjuge år; for Herren hadde sagt at han vilde auka Israel so dei vart mange som stjernorne på himmelen.
- 24 Joab Serujason tok til å telja, men fullførde det ikkje; for det kom vreide yver Israel for telgjingi skuld, og talet vart ikkje uppsett på nokor lista i kong Davids krønikebok.
- 25 Azmavet Adielsson hadde tilsyn med skattarne åt kongen, og Jonatan Uzziason med forrådi på marki, i byarne og bygderne og borgerne.
- 26 Og Ezri Kelubsson såg til med onne-arbeidarane, som dreiv med jordbruket.
- 27 Sime’i frå Rama vart sett yver vinhagarne, og Zabdi, sifmiten, yver vinforrådi i vinhagarne.
- 28 Ba’al-Hanan frå Gedera hadde tilsyn med oljeplantningarne og fiketrei i låglandet, og Joas med oljeforrådi,
- 29 og Sitrai frå Saron såg til med det storfeet som beitte i Saron, og Safat Adlaison med storfeet i dalarne,
- 30 ismaeliten Obil med kamelarne, Jehdeja frå Meronot med asnorne,
- 31 og hagariten Jaziz med småfeet. Alle desse var tilsynsmenner yver eigorne åt kong David.
- 32 Men Jonatan, farbror åt David, var rådgjevar; han var ein vitug og skriftlærd mann. Jehiel Hakmonison var hjå kongssønerne.
- 33 Ahitofel var rådgjevaren åt kongen, og Husai, arkiten, var kongens ven.
- 34 Etter Ahitofel kom Jojada Benajason og Abjatar. Og Joab var kongens herhovding.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗