역대상 26장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 32절
- 1 Um skifti som dørvaktarar var skifte i, er å segja: Av korahitarne var Meselemja, son åt Kore, av Asafs-sønerne.
- 2 Og Mesemlja hadde søner: Zakarja var den eldste, Jediael den andre, Zebadja den tridje, Jatniel den fjorde,
- 3 Elam den femte, Johanan den sette, Eljoenai den sjuande.
- 4 Og Obed-Edom hadde søner: Semaja var den eldste, Jozabad den andre, Joah den tridje, Sakar den fjorde, Netanel den femte,
- 5 Ammiel den sette, Issakar den sjuande, Pe’ulletai den åttande; for Gud hadde velsigna honom.
- 6 Og Semaja, son hans, fekk og søner, som vart styrarar i ætti si; for dei var duglege menner.
- 7 Sønerne hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elzabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja.
- 8 Alle desse var ætta frå Obed-Edom, dei sjølve og sønerne og brørne deira, dugande og sterke menner i tenesta, - tvo og seksti av Obed-Edom.
- 9 Meselemja hadde og søner og brør, duglege menner, i alt attan.
- 10 Og Hosa av Merari-sønerne hadde søner: Simri var fyrstemannen - han var vel ikkje den eldste; men far hans sette honom til hovding -
- 11 Hilkia var den andre, Tebalja den tridje, Zakarja den fjorde. Alle sønerne og brørne hans Hosa var trettan.
- 12 Desse dørvaktar-skifti, det vil segja ættarhovdingarne, vart no sette til vakttenesta i Herrens hus, jamsides med frendarne sine.
- 13 Og um kvar port drog dei strå, den minste som den største, etter ættgreinene sine.
- 14 Romet ved austporten kom på Selemja; og dei drog strå for Zakarja, son hans, ein vitug rådgjevar, og etter strået vart hans rom i nord.
- 15 På Obed-Edom fall romet ved sudporten, soleis at sønerne hans fekk budi på sin part.
- 16 For Suppim og Hosa viste strået på romet i vest ved Salleket-porten, der vegen gjeng uppetter, den eine vaktposten attmed den andre.
- 17 Mot aust var det seks levitar, mot nord fire for kvar dag, mot sud fire for kvar dag, og ved budi tvo um gongen.
- 18 Ved Parbar mot vest stod fire attmed vegen, og tvo ved sjølve Parbar.
- 19 Dette var dørvaktar-skifti av korahitsønerne og av Merari.
- 20 Og av levitarne hadde Ahia-sønerne tilsyn med skattarne i Guds hus og tok vare på dei ting som var vigde åt Herren.
- 21 Sønerne åt Ladan, det vil segja gersonitsønerne av Ladans-ætti, hovdingarne for gersoniten Ladans ættgreinene var jehielitarne.
- 22 Jehielit-sønerne Zetam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattarne i Guds hus.
- 23 Um amramitarne, jisharitarne, hebronitarne og ozzielitarne er det å segja:
- 24 Sebuel, son åt Gersom Mosesson, var øvste tilsynsmannen yver skattarne.
- 25 Og frendarne hans av Eliezers-ætti var Rehabja Eliezersson, og son hans heitte Jesaja, og hans son var Joram, og hans son Zikri, og hans son Selomot.
- 26 Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det godset som kong David og like eins ættarhovdingarne, yver- og underhovdingar og herhovdingar hadde vigt åt Herren.
- 27 Frå ufreden og av herfanget hadde dei vigt det til å halda Herrens hus i stand.
- 28 Og like eins alt det som sjåaren Samuel og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde vigt; kvar og ein som vigde noko, let Selomot og brørne hans taka vare på det.
- 29 Av jisharitarne vart Kenanja og sønerne hans sette til dei verdslege gjeremåli i Israel, til å vera tilsynsmenner og domarar.
- 30 Av hebronitarne vart Hasabja og brørne hans, syttan hundrad menner, sette til stjorn i Israel, i landet vest for Jordan, til alle slags gjeremål åt Herren og til kongen tenesta.
- 31 Til hebronitarne høyrde Jeria, hovdingen for hebronitarne etter deira ættgreiner og huslydar; i det fyrtiande styringsåret åt Davids vart dei yversedde, og det fanst då dugande folk hjå dei i Jazer i Gilead.
- 32 Brørne hans, duglege menner, var tvo tusund og sju hundrad hovud for huslydar; deim sette kong David yver rubenitarne, gaditarne og den halve Manasse-ætti, til å greida med alle Guds og kongens målemne.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗