역대상 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 31절
- 1 Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
- 2 Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar.
- 3 Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira.
- 4 Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.
- 5 Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne.
- 6 Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar.
- 7 Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,
- 8 den tridje på Harim, den fjorde på Seorim,
- 9 den femte på Malkia, den sette på Mijamin,
- 10 den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia,
- 11 den niande på Jesua, den tiande på Sekanja,
- 12 den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim,
- 13 den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,
- 14 den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,
- 15 den syttande på Hezir, den attande på Happisses,
- 16 den nittande på Petahja, den tjugande på Ezekiel,
- 17 den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,
- 18 den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma’azja.
- 19 Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
- 20 Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne.
- 21 Av Rehabja-sønerne var Jissia hovdingen;
- 22 av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne.
- 23 Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
- 24 Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur.
- 25 Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja.
- 26 Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son.
- 27 Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri.
- 28 Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner.
- 29 Av sønerne åt Kis var høyrde Jerahme’el,
- 30 og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira.
- 31 Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗