역대상 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 역대상 (1 Chronicles) · 32절
- 1 Då David var gamall og mett av dagar, gjorde han Salomo, son sin, til konge yver Israel.
- 2 Og han samla alle hovdingarne i Israel, og prestarne og levitarne.
- 3 Og levitarne vart talde, ein for ein, dei som var tretti år gamle eller meir, og talet på alle karfolki var åtte og tretti tusund.
- 4 «Av desse,» sagde han, «skal fire og tjuge tusund standa fyre arbeidet i Herrens hus, og seks tusund skal vera formenner og domarar,
- 5 fire tusund skal vera dørvaktarar, og fire tusund skal lovsyngja Herren til dei spelgognerne som eg hev late gjera til lovsongen.»
- 6 Og David skifte deim i skift etter sønerne åt Levi: Gerson, Kehat og Merari.
- 7 Til gersonitarne høyrde Ladan og Sime’i.
- 8 Sønerne hans Ladan var Jehiel, hovdingen, Zetam og Joel, tri mann.
- 9 Sønerne hans Sime’i var Selomot og Haziel og Haran, tri; dei var hovdingarne for Ladans-ættgreinerne.
- 10 Og sønerne åt Sime’i var Jahat, Ziza og Je’us og Beria; desse fire var sønerne hans Sime’i.
- 11 Jahat var hovdingen, og Ziza var den andre. Men Je’us og Beria hadde ikkje mange born, difor vart dei rekna for ei ættgrein, ein flokk for seg.
- 12 Sønerne åt Kahat var Amram, Jishar, Hebron og Uzziel, fire.
- 13 Sønerne hans Amram var Aron og Moses. Og Aron vart utskild - han skulde vigjast til å vera høgheilag i all æva, han og sønerne hans, og skulde brenna røykjelse for Herren og tena honom og lysa velsigning i hans namn til æveleg tid.
- 14 Men sønerne åt Moses, Guds mann, vert rekna til Levi-ætti.
- 15 Sønerne åt Moses var Gersom og Eliezer.
- 16 Av Gersoms-sønerne var Sebuel hovding.
- 17 Og av Eliezer-sønerne var Rehabja hovding. Eliezer hadde ikkje fleire søner; men sønerne hans Rehabja var ovleg mange.
- 18 Av Jishars-sønerne var Selomit hovdingen.
- 19 Hebrons-sønerne var Jerija hovdingen, Amarja, var den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
- 20 Av Uzziels-sønerne var Mika hovding, og Jissia den andre.
- 21 Merari-sønerne var Mahli og Musi. Sønerne hans Mahli var Eleazar og Kis.
- 22 Då Eleazar døydde, hadde han ingi søner etter seg, men berre døtter; men sønerne åt Kis, frendarne deira, gifte seg med deim.
- 23 Musi-sønerne var Mahli og Eder og Jeremot, tri.
- 24 Dette var Levi-sønerne etter ættgreinene deira, ættarhovdingarne for deim som var mynstra og innskrivne i manntalet, ein for ein, dei som kunde gjera arbeid som høyrde til tenesta i Herrens hus, og var tjuge år gamle og yver det.
- 25 For David sagde: «Herren, Israels Gud, hev gjeve folket sitt ro, og hev no bustaden sin i Jerusalem for all æva.
- 26 Difor tarv ikkje heller levitarne bera tjeldet meir, og ikkje heller alle arbeidsgognerne som er i huset.»
- 27 For etter fråsegni um Davids siste tid vart levitarne rekna frå tjugeårsalderen og uppetter.
- 28 Og dei vart sette med sida åt Arons-sønerne til tenesta i Herrens hus, i det som vedkom tuni og kovarne og rensingi av alt som heilagt var, og arbeidet med tenesta i Guds hus,
- 29 både skodebrødi og finmjølet til grjonofferet og dei usyrde tunnkakorne og takkorne og det knoda mjølet og med alt rom-mål og lengdemål.
- 30 Og kvar morgon skulde dei standa og lova og prisa Herren, og like eins kvar kveld.
- 31 Og dei skulde ofra alle brennoffer åt Herren på kviledagar og høgtiderne, so mange som fastsett var, og soleis som det var deim fyresagt, allstødt for Herrens åsyn.
- 32 Dei skulde gjera alt arbeidet som trongst ved møtetjeldet, og det som skulde gjerast ved heilagdomen, det som Arons-sønerne, brørne deira, hadde å gjera med gudstenesta i Herrens hus.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗