로그인

에스더 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스더 (Esther) · 17절

  1. 1 Same dagen gav kong Ahasveros dronning Ester huset hans Haman, jødefienden, og Mordokai fekk koma inn til kongen; for Ester hadde fortalt kva han var for henne.
  2. 2 Kongen drog av seg signetringen som han hadde teke frå Haman, og gav honom til Mordokai. Og Ester sette Mordokai til å styra huset hans Haman.
  3. 3 Endå ein gong vende Ester seg til kongen, fall ned for føterne hans, gret og naudbad honom å gjera um inkje den ulukka og den meinrådi som agagiten Haman hadde etla jødarne.
  4. 4 Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reis Ester upp og gjekk fram for kongen.
  5. 5 «Tekkjest det kongen,» sagde ho, «og hev eg funne nåde i hans augo, tykkjer kongen det er meining i det, og held han meg gjæv, so lat det ferdast ut eit brev til avlysing av brevi med meinrådi åt agagiten Haman Hammedatason, dei som han ferda ut til å tyna jødarne i alle kongens jarlerike.
  6. 6 Kor skulda eg orka sjå på den ulukka som kjem yver folket mitt? Kor skulde eg orka sjå på at ætti mi vert tynt?»
  7. 7 Då sagde kong Ahasveros til dronning Ester og jøden Mordokai: «Sjå, eg hev gjeve Ester huset hans Haman, han sjølv er hengd i galgen, av di han vilde leggja hand på jødarne.
  8. 8 Ferda no de ut eit brev til jødarne i kongens namn, soleis som de tykkjer best, og forsigla det med signetringen åt kongen. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsigla med signetringen åt kongen, kann ikkje verta atterkalla.»
  9. 9 So vart då skrivarane åt kongen straks kalla saman, den tri og tjugande dagen i tridje månaden, månaden sivan, og dei skreiv i alle måtar soleis som Mordokai baud til jødarne og til satraparne og jarlarne og hovdingarne i jarleriki, frå India til Ætiopia, hundrad og sju og tjuge jarlerike; kvart rike fekk brevet med si skrift, kvart folk på sitt tungemål, og jødarne med si skrift og på sitt tungemål.
  10. 10 Han skreiv i namnet åt kong Ahasveros og forsigla med signetringen åt kongen. So sende han brev ikring med ridande snøggbod på tråvarar frå kongens eigne stallar,
  11. 11 at kongen gav jødarne i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt, og rydja ut, drepa og tyna alle væpna flokkar i kvart folk og jarlerike som synte deim fiendskap, alt til born og kvende, og so plundra eigedomarne deira,
  12. 12 på ein og same dagen i alle jarleriki åt kong Ahasveros, trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar.
  13. 13 I brevet stod det at det skulde varta utferda ei lov og kunngjord for alle folk i kvart jarlerike: at jødarne skulde vera budde den dagen til å hemna seg på fiendarne sine.
  14. 14 Snøggbodi på dei konglege tråvarar reid av stad so fort dei kunde på kongens bod, so snart påbodet var utferda i borgi Susan.
  15. 15 Mordokai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klædnad av purpurblått og kvitt ty med ei stor gullkruna, og i ei kåpa av kvitt bomull og purpurraudt ty; og byen Susan jubla og gledde seg.
  16. 16 For jødarne rana no ljos og gleda, fagnad og vyrdnad.
  17. 17 Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗