에스더 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 에스더 (Esther) · 10절
- 1 So kom då kongen og Haman til drikkelaget hjå dronning Ester.
- 2 Då dei sat og drakk vin, spurde kongen Ester sameleis andre dagen: «Kva er di bøn, dronning Ester? Du skal få det du bed um. Kva er ditt ynskje? Um det vore helvti av riket, so skal det løyvast deg.»
- 3 Då svara dronning Ester: «Hev eg funne nåde i kongens augo, og det tekkjest kongen soleis, så unn meg mitt liv på mi bøn og mitt folk på mitt ynskje!
- 4 For me er selde, eg og folket mitt, til å verta utrudde, drepne og tynte. Hadde me vorte selde til trælar og trælkvinnor, då skulde eg tagt; for den ulukka vilde ikkje vore so stor at det var verdt å bry kongen.»
- 5 Då spurde kong Ahasveros dronning Ester: «Kven er han, og kvar er han, den som hev våga seg til å gjera sovore?»
- 6 Ester svara: «Det er ein illtenkt mann, ein fiendesmann, den vonde Haman, som sit der.» Då vart Haman forfærd for kongen og dronningi.
- 7 Kongen reis upp i harm frå drikkelaget og gjekk ut i slottshagen. Haman drygde, vilde tigga dronning Ester um livet; han skyna kongen var fast på å føra honom i ulukka.
- 8 Kongen kom attende til drikkelaget frå slottshagen og såg Haman liggja yver kvilebenken som Ester sat på. «Vil du,» ropa kongen, «jamvel her inne i mitt nærvære taka dronningi med vald?» Snaudt var ordi slopne utor munnen på kongen fyrr dei sveipte inn andlitet på Haman.
- 9 Harbona, ein av hirdmennerne som gjorde tenesta hjå kongen, sagde: «Attmed huset åt Haman stend det alt ein galge, femti alner høg; den let Haman reisa åt Mordokai, som med sine ord gjorde kongen gagn.» «Heng honom der!» sagde kongen.
- 10 So hengde dei Haman upp i den galgen han hadde reist åt Mordokai. Og kongens harm gav seg att.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗