아모스 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 아모스 (Amos) · 14절
- 1 Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus!
- 2 Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?
- 3 De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol.
- 4 På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.
- 5 Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel.
- 6 Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade.
- 7 Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt.
- 8 Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp.
- 9 Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy.
- 10 Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei,» so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn.
- 11 For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest.
- 12 Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt?
- 13 I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?»
- 14 For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗