아모스 5장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 아모스 (Amos) · 27절
- 1 Høyr dette ordet som eg syng yver dykk, ein syrgjesong yver Israels hus:
- 2 «Ho falli er, ris aldri upp meir, den møy Israel; slengd til jord i sit eige land. Ingen reiser ho upp.»
- 3 For so segjer Herren, Herren: Ein by sender tusund ut, fær hundrad att, sender ho hundrad ut, fær tie att til Israels hus.
- 4 For so segjer Herren til Israels hus: Søk meg, so skal de liva!
- 5 Men aldri de søkje til Betel, til Gilgal aldri kom, og gakk ikkje til Be’erseba! For Gilgal burt skal førast, og Betel vert upp i tjon.
- 6 Søk Herren, so skal de liva! Elles kjem han som eld yver Josefs hus; det brenn, og ingen sløkkjer for Betel.
- 7 De som vender retten til malurt, og kastar rettferd til jord!
- 8 Han som skapte Sjustjerna og Orion, og gjer kolmyrkret til morgon, gjer dagen til svarte natt, han som kallar på vatnet i havet og auser det ut yver jordi - Herren er hans namn.
- 9 Han øyder dei sterke med sitt ljon, han øyder borgi den faste!
- 10 Dei hatar den som refser for retten, styggjest ved den som talar sanning.
- 11 Difor, då småfolk de trakkar ned og kornleiga driv av deim ut - vel hev de hogt stein og bygt hus, men de skal ikkje sjølv der bu. De hev fagre vinhagar stelt, men de skal ikkje drikka deira vin.
- 12 For eg veit um synderne dykkar so mange og misgjerder utan tal; de trykkjer den skuldlause, tek imot mutor, ein arming for retten de svik.
- 13 Difor tegjer den kloke i denne tid, for ei vond tid er det.
- 14 Legg vinn på godt og ikkje på vondt, so de kann liva. Då vera med dykk Herren, allhers Gud, som de hev sagt.
- 15 Hata vondt og elska godt, haldt retten uppe på tinget! Kann henda Herren, allhers Gud, då er nådig mot Josefs leivning.
- 16 Difor, so segjer Herren, allhers Gud, Herren: Det er liksong på alle torg, og på alle gator dei ropar: «Ai, ai!» Bonden dei bed til gravøl, og til liksong deim som kann kveda.
- 17 Frå kvar vinhage liksongar stig; for eg vil millom dykk ganga, segjer Herren.
- 18 Ai dykk som trår etter Herrens dag! Kva er han for dykk, Herrens dag? Han er myrker og ikkje ljos.
- 19 Som når du undan ei løva spring og møter ein bjørn, du kjem heim og styd handi mot veggen, og so bit deg ein orm.
- 20 Ja, ja, myrker er Herrens dag og ikkje ljos, dimleitt, han hev ingen glans.
- 21 Eg hatar og vanvyrder dykkar høgtider, eg hev ingen hugnad i dykkar stemnor,
- 22 ja, um de meg brennoffer gjev og grjonoffer, det hugar ikkje meg. Eg gjev ikkje på gjødkalve-offer gaum.
- 23 Lat meg vera i fred for din buldrande song, ditt harpespel lyder eg ’kje på.
- 24 Men lat rett velta fram som vatn, og rettferd som rennande bekk!
- 25 Bar De slagtoffer, grjonoffer til meg dei fyrti åri i øydemarki, du Israels hus?
- 26 Og bar det då Sukkot, dykkar konge, og Kijun, dykkar bilæte, dykkar gudestjerna, som de hadde gjort dykk?
- 27 Eg vil føra dykk av burtanfor Damaskus, segjer han som heiter Herren, allhers Gud.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗