로그인

아모스 2장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 아모스 (Amos) · 16절

  1. 1 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Moab, for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei brende beini åt Edom-kongen til kalk,
  2. 2 so sender eg eld imot Moab, han skal øyda Kerijots borgar. Og i ståket Moab skal døy, med hergny og luraljod skrell.
  3. 3 Domaren deira eg tynar, alle hovdingarn’ likeins eg drep, segjer Herren.
  4. 4 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Juda, for firfald eg ikkje meg attrar. Då dei vanvyrde Herrens lov og heldt ikkje bodordi hans, men let seg av lygn-gudar dåra, som federne fyrr hadde fylgt,
  5. 5 so sender eg eld imot Juda, han skal øyda Jerusalems borger.
  6. 6 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Israel og for firfald eg ikkje meg attrar. For sylv dei sel ein skuldlaus og ein arming for eit par skor,
  7. 7 dei som helst ser mold på ein stakkars hovud, og rengjer småfolks rett. Til same gjenta gjeng far og son til vanhelging for mitt heilage namn.
  8. 8 Og på pantsette klæde ved kvart eit altar dei ligg, og skadebots-vin dei drikk i huset til sin Gud.
  9. 9 Det var då eg som dreiv amoritarne frå deim, som høge som cedertre var, og sterke som eiker, men eg tynte alda i topp og roti i jord.
  10. 10 Det var eg som dykk førde frå Egyptarland og dykk leidde i villmarki fram gjenom fyrti år til å vinna Amorit-landet.
  11. 11 Eg vekte profetar av dykkar søner, naziræarar bland dykkar ungdomar. Er det ’kje so, de Israels-born? Segjer Herren.
  12. 12 Men de gav naziræaran’ vin, og baud profetarn’ og sagde: «Profetera ikkje!»
  13. 13 Sjå no skal eg lata det dynja under dykk som under ei full-lest kornvogn.
  14. 14 Og den rappe kjem ingen stad av, og den sterke fær ’kje bruka si magt, og kjempa skal ’kje berga sitt liv.
  15. 15 Mannen med bogen er magtlaus, og lett på fot kann ’kje berga seg, og mannen på hest skal ’kje berga sitt liv.
  16. 16 Hugdjervaste kjempa ho lyt naken røma på dagen den, segjer Herren.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗