아모스 1장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 아모스 (Amos) · 15절
- 1 Ord av Amos, ein av hyrdingarne frå Tekoa, som han såg i sine syner um Israel i dei dagarne då Uzzia var konge i Juda og Jeroboam Joasson konge i Israel, tvo år fyre jordskjelven.
- 2 Han sagde: Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Då sturer dei hyrding-lider, og Karmels hovud vert svidd.
- 3 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Damask og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei Gilead treskte med sledar av jarn,
- 4 so sender eg eld mot Hazaels hus, han skal øyda Benhadads borger.
- 5 So bryt eg bommen til Damask og tyner Bikat-Avens folk og kongsstavmannen i Bet-Eden, og Aram skal drivast burt til Kir, segjer Herren.
- 6 So segjer Herren: For trifald misgjerning av Gaza og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei heile grender dreiv ut og gav deim i Edoms vald,
- 7 So sender eg eld mot Gazas mur, han skal øyda deira borger,
- 8 so tyner eg Asdods folk og Askalons kongsstavs-mann. Mot Ekron eg retter mi hand, slær filistarn’ til siste mann, segjer Herren, Herren.
- 9 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Tyrus, for firfald eg ikkje meg attrar. For di heile grender til Edom dei dreiv og ikkje på brødrabandet gav gaum,
- 10 so sender eg eld mot Tyrus-muren, han skal øyda deira borgar.
- 11 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Edom, for firfald eg ikkje meg attrar. For di han elte bror sin med sverd og kjøvde sin samhug, men vreiden jamt i han øydde, og han æveleg gøymde sin harm,
- 12 so sender eg eld imot Teman, han skal øyda Bosras borger.
- 13 So segjer Herren: For trifald misgjerd av Ammons-borni og for firfald eg ikkje meg attrar. For di dei i Gilead konor med barn skar upp, då dei vilde auka sitt land,
- 14 So kveikjer eg eld i Rabbas mur, han skal øyda deira borger, medan herropet dunar i striden, og eit hardver på stormdagen blæs,
- 15 og i landlysing kongen skal gå, han sjølv med hovdingarn’ saman, segjer Herren.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗