시편 99편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절
- 1 Herren er konge, folki skjelv; han sit på kerubar, jordi ruggar.
- 2 Herren er stor i Sion, og høg er han yver alle folk.
- 3 Dei skal prisa ditt namn, det store og skræmelege, heilag er han.
- 4 Og i si magt elskar kongen det som rett er; du held rettvisa uppe, du hev gjort rett og rettferd i Jakob.
- 5 Høglova Herren, vår Gud, og fall ned for hans fotskammel! Heilag er han.
- 6 Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom deim som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara deim.
- 7 I ein skystolpe tala han til deim, dei heldt hans vitnemål og den lov han gav deim.
- 8 Herre vår Gud, du svara deim, du var deim ein Gud som tilgav deim, men og ein hemnar yver deira gjerningar.
- 9 Høglova Herren, vår Gud! Og fall ned for hans heilage fjell! For heilag er Herren, vår Gud.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗