로그인

시편 100편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 5절

  1. 1 Ein lovsalme. Ropa med frygd for Herren, all jordi!
  2. 2 Ten Herren med gleda, kom fram for hans åsyn med fagnad!
  3. 3 Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder.
  4. 4 Kom inn i hans portar med takk, i hans fyregardar med lov, prisa honom, lova hans namn!
  5. 5 For Herren er god, hans miskunn varer æveleg, og hans truskap frå ætt til ætt.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗