시편 9편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David.
- 2 Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under.
- 3 Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste!
- 4 av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit.
- 5 For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
- 6 Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
- 7 Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
- 8 Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms,
- 9 og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.
- 10 Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
- 11 Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre!
- 12 Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar!
- 13 For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme.
- 14 Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
- 15 so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa.
- 16 Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
- 17 Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. Higgajon. Sela.
- 18 Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud.
- 19 For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva.
- 20 Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn! Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! Sela.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗