시편 8편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 9절
- 1 Til songmeisteren, etter Gittit; ein salme av David.
- 2 Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi! du som hev sett din prydnad på himmelen.
- 3 Av munnen på småborn og sogborn hev du grunnfest ei magt for dine motstandarar skuld, so du kann tagga fienden og den hemngiruge.
- 4 Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar, månen og stjernorne, som du hev sett i stand,
- 5 kva er då eit menneskje, at du kjem det i hug, og ein menneskjeson, at du ser til honom!
- 6 Du gjorde honom lite lægre enn Gud; med herlegdom og æra krynte du honom.
- 7 Du sette honom til herre yver dei verk dine hender gjorde, allting lagde du under hans føter:
- 8 Småfe og storfe, alle saman, og jamvel dei ville dyr i marki,
- 9 fuglen under himmelen og fisken i havet, alt det som fer på havsens stigar. Herre, vår Herre, kor herlegt ditt namn er yver all jordi!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗