시편 85편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Til songmeisteren; av Korahs born, ein salme.
- 2 Herre, du hev vore nådig mot landet ditt, du hev gjort vending i Jakobs fangeskap.
- 3 Du hev teke burt ditt folks skuld, du hev breidt yver alle deira synder. Sela.
- 4 Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.
- 5 Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!
- 6 Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?
- 7 Vil ikkje du gjera oss livande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?
- 8 Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!
- 9 Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne - berre dei ikkje vender um att til dårskap.
- 10 Ja, hans frelsa er nær deim som ottast honom, so herlegdom skal bu i vårt land.
- 11 Miskunn og truskap skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.
- 12 Truskap skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.
- 13 Herren skal og gjeva det som gode, og vårt land skal gjeva si grøda. Rettferd skal ganga fyre honom og gjera hans fotspor til sin veg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗