시편 84편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 12절
- 1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Korahs born, ein salme.
- 2 Kor elskelege dine bustader er, Herre, allhers drott!
- 3 Mi sjæl lengtar, ja naudstundar etter Herrens fyregardar; mitt hjarta og mitt kjøt ropar av fagnad til den livande Gud.
- 4 Sporven hev og funne seg eit hus, og svala eit reir der ho hev lagt sine ungar - dine altar, Herre, allhers drott, min konge og min Gud!
- 5 Sæle er dei som bur i ditt hus! dei skal alltid lova deg. Sela.
- 6 Sæl er den mann som hev sin styrke i deg, dei som hev hug til å fara dei jamne vegar.
- 7 Når dei fer gjenom tåredalen, gjer dei honom til ein kjeldevang, ja, tidlegt regn legg velsigning yver honom.
- 8 Dei gjeng frå kraft til kraft, dei stig fram for Gud på Sion.
- 9 Herre Gud, allhers drott, høyr mi bøn! Vend øyra til, Jakobs Gud! Sela.
- 10 Gud, vår skjold, sjå hit og skoda andlitet til honom du hev salva!
- 11 For ein dag i dine fyregardar er betre enn tusund andre; eg vil heller standa ved dørstokken i min Guds hus enn bu i tjeldi til gudløysa.
- 12 For Gud Herren er sol og skjold, nåde og ære gjev Herren, han held ikkje undan noko godt frå deim som ferdast i uskyld. Herre, allhers drott, sæl er den mann som set si lit til deg!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗