로그인

시편 82편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 8절

  1. 1 Ein salme av Asaf. Gud stend i Guds samling; midt imillom gudar held han dom:
  2. 2 «Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.
  3. 3 Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!
  4. 4 Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!
  5. 5 Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar.
  6. 6 Eg hev sagt: «De er gudar, søner til den Høgste er de alle.»
  7. 7 Men sanneleg, som menneskje skal de døy, og som ein av hovdingarne skal de falla.»
  8. 8 Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningar.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗