시편 81편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 16절
- 1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf.
- 2 Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!
- 3 Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!
- 4 Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!
- 5 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.
- 6 Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. - Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:
- 7 «Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.
- 8 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.
- 9 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!
- 10 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.
- 11 Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!
- 12 Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.
- 13 So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.
- 14 Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!
- 15 Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.
- 16 Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg. Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗