시편 75편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 10절
- 1 Til songmeisteren; «tyn ikkje»; ein salme av Asaf, ein song.
- 2 Me prisar deg, Gud, me prisar, og nær er ditt namn, dei fortel um dine under.
- 3 For «eg vil gripa den fastsette tid, eg, med rettferd vil eg døma.
- 4 Jordi og alle som bur der, kjem i røra, eg hev sett hennar stolpar fast.» Sela.
- 5 Eg segjer til skrøytarane: «Skrøyt ikkje!» og til dei ugudlege: «Reis ikkje horn!
- 6 Reis ikkje hornet dykkar høgt, gjer ikkje nakke og tala agelaust!»
- 7 For ikkje frå aust eller frå vest, og ikkje heller frå fjell-øydemarki -
- 8 men Gud er den som dømer, den eine nedrar han, hin høgrar han.
- 9 For eit staup er i Herrens hand med skumande vin, det er fullt av kryddevin, og han skjenkjer av det, ja, bermen skal dei suga til seg og drikka, alle dei ugudlege på jordi.
- 10 Men eg vil forkynna det æveleg, eg vil lovsyngja Jakobs Gud. Og alle horni på dei ugudlege vil eg hogga av; horni på den rettferdige skal reisa seg høgt.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗