시편 74편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 23절
- 1 Ein song til lærdom av Asaf. Kvifor hev du, Gud, støytt oss burt til æveleg tid? Kvifor ryk din vreide mot den hjord du beiter?
- 2 Kom i hug din lyd som du fekk deg i fordoms tid, som du løyste ut til å vera din arvs ætt, Sions fjell der du bur.
- 3 Stig upp til dei ævelege øydehus! Alt hev fienden brote sund i heilagdomen.
- 4 Dine motstandarar hev bura midt i ditt samlingshus, dei hev sett sine merke upp til merke.
- 5 Det såg ut som når ein lyfter øksar og høgg i tettvakse tre.
- 6 Og no, alt som fanst av utskurd, det slo dei sund med øks og hamar.
- 7 Dei hev sett eld på heilagdomen din, reint til grunnen hev dei vanhelga bustaden for ditt namn.
- 8 Dei hev sagt i sitt hjarta: «Lat oss tyna deim alle i hop!» Dei hev brent upp alle Guds samlingshus i landet.
- 9 Våre merke ser me ikkje, det finst ingen profet lenger, og ingen hjå oss som veit kor lenge.
- 10 Gud, kor lenge skal motstandaren spotta, fienden vanvyrda ditt namn æveleg?
- 11 Kvifor dreg du di hand, di høgre hand, attende? Tak henne ut or barmen, og øydelegg!
- 12 Gud er då min konge frå gamall tid, som skaper frelsa midt på jordi.
- 13 Du skilde havet ved din styrke, du krasa hovudi til drakarne på vatnet.
- 14 Du slo sund hovudi til Livjatan, du gjorde honom til føda for folk i øydemarki.
- 15 Du let kjelda og bekk renna fram, du turka ut årgangs elvar.
- 16 Deg høyrer dagen til, deg høyrer og natti til, du hev laga ljosi og soli.
- 17 Du hev sett fast alle grensor på jordi, sumar og vinter - du hev laga deim.
- 18 Kom i hug dette: Fiendar hev spotta Herren, og eit dårlegt folk hev vanvyrdt ditt namn.
- 19 Gjev ikkje turtelduva di til den mordfuse flokken, gløym ikkje æveleg flokken av dine armingar!
- 20 Sjå til di pakt! for løyndekrokarne i landet er fulle av valds-bøle.
- 21 Lat ikkje den nedtrykte snu um med skam, lat den arme og fatige lova ditt namn!
- 22 Statt upp, Gud! før di sak! Kom i hug at du vert spotta av dåren heile dagen!
- 23 Gløym ikkje røysti åt dine fiendar, ståket frå dine motstandarar som alltid stig upp!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗