시편 72편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 20절
- 1 Av Salomo. Gud, gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!
- 2 Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.
- 3 Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugarne, ved rettferd.
- 4 Han skal døma armingarne i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.
- 5 Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser frå ætt til ætt.
- 6 Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur som væter jordi.
- 7 I hans dagar skal den rettferdige bløma, og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.
- 8 Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.
- 9 Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold.
- 10 Kongarne frå Tarsis og øyarne skal bera fram gåvor, kongarne frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.
- 11 Alle kongar skal fall ned for honom, alle folkeslag skal tena honom.
- 12 For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.
- 13 Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjælerne åt dei fatige skal han frelsa.
- 14 Frå trykk og vald skal han løysa deira sjæl, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.
- 15 Og han skal liva, og Sjeba-gull skal han gjeva honom, og han skal alltid beda for honom, heile dagen skal han lova honom.
- 16 Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi.
- 17 Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl.
- 18 Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!
- 19 Og lova vere hans herlege namn i all æva! og all jordi verte full av hans æra! Amen, amen!
- 20 Ende på bønerne av David, son åt Isai.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗