시편 41편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 13절
- 1 Til songmeisteren; ein salme av David.
- 2 Sæl er den som ser til ein vesallmann; på den vonde dag skal Herren frelsa honom.
- 3 Herren skal verja honom og halda honom i live; han skal verta lukkeleg i landet, og du skal visst ikkje yvergjeva honom til hans mordgiruge fiendar.
- 4 Herren skal stydja han på sotteseng, og vender all hans lega i hans sjukdom.
- 5 Eg segjer: «Herre, ver meg nådig; læk mi sjæl, for eg hev synda mot deg!»
- 6 Mine fiendar talar vondt um meg: «Når skal han døy, og hans namn forgangast?»
- 7 Og um ein kjem og vil sjå til meg, so talar han falske ord; hans hjarta sankar seg vondskap saman, so gjeng han ut og talar um det.
- 8 Alle som hatar meg, kviskrar saman imot meg; dei tenkjer upp imot meg slikt som gjer meg vondt:
- 9 «Ei illgjerning heng ved honom, og han som ligg der, skal ikkje meir standa upp.»
- 10 Ja, endå den som eg livde i fred med, som eg sette lit til, som åt mitt brød, hev lyft sin hæl imot meg.
- 11 Men du, Herre, ver meg nådig og hjelp meg upp! So vil eg gjeva deim vederlag.
- 12 På dette kjenner eg at du hev hugnad i meg, at min fiende ikkje fær setja i glederop yver meg.
- 13 Og meg held du uppe i mi uskyld og set meg for di åsyn til æveleg tid. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æva og til æva! Amen, amen!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗