시편 40편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 17절
- 1 Til songmeisteren, av David; ein salme.
- 2 Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.
- 3 Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.
- 4 Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
- 5 Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.
- 6 Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.
- 7 Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
- 8 Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;
- 9 å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»
- 10 Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.
- 11 Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.
- 12 Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.
- 13 For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.
- 14 Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!
- 15 Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka!
- 16 Lat dei verta forfærde yver si skjemd, dei som segjer til meg: «Ha, ha!»
- 17 Lat deim fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa alltid segja: «Høglova vere Herren!» For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗