로그인

시편 29편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 11절

  1. 1 Ein salme av David. Gjev Herren, de Guds søner, gjev Herren æra og magt!
  2. 2 Gjev Herren hans namns æra, tilbed Herren i heilag prydnad!
  3. 3 Herrens røyst ljodar yver vatni, Gud den herlege torar, Herren yver dei store vatn.
  4. 4 Herrens røyst ljodar med velde, Herrens røyst med herlegdom.
  5. 5 Herrens røyst bryt sund cedertre, ja, Herren bryt sund cedertrei på Libanon.
  6. 6 Og han fær deim til å hoppa som ein kalv, Libanon og Sirjon som ein ung villukse.
  7. 7 Herrens røyst sprengjer eldslogar fram.
  8. 8 Herrens røyst fær øydemarki til å skjelva, Herren fær øydemarki ved Kades til å skjelva.
  9. 9 Herrens røyst fær hindarne til å kalva og snøyder skogarne, og i hans tempel segjer alt: «Æra!»
  10. 10 Herren sat yver storflodi, og Herren sit konge til æveleg tid.
  11. 11 Herren gjeve sitt folk styrke, Herren velsigne sitt folk med fred!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗