시편 127편 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 5절
- 1 Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt.
- 2 Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv.
- 3 Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.
- 4 Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.
- 5 Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗