로그인

시편 126편 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 시편 (Psalms) · 6절

  1. 1 Ein song til høgtidsferderne. Då Herren førde Sions fangar heim att, då var me som drøymande.
  2. 2 Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.»
  3. 3 Store ting hev Herren gjort mot oss, og me vart glade.
  4. 4 Herre, før du våre fangar heim att som bekkjer i Sudlandet!
  5. 5 Dei som sår med tåror, skal hausta med glederop.
  6. 6 Dei gjeng av stad og græt og ber sitt såkorn. So kjem dei att med fagnadrop og ber sine kornband.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗