스가랴 4장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 스가랴 (Zechariah) · 14절
- 1 Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,
- 2 og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,
- 3 og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.»
- 4 Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?»
- 5 Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?»
- 6 Då tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott.
- 7 Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»
- 8 Og Herrens ord kom til meg soleis:
- 9 Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk.
- 10 For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?
- 11 Då tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?»
- 12 Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?»
- 13 Då sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.»
- 14 Då sagde han: «Det er dei tvo olje-sønerne som stend hjå herren yver all jordi.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗