스가랴 3장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 스가랴 (Zechariah) · 10절
- 1 So let han meg sjå Josva, øvstepresten. Han stod framfor Herrens engel, og ved høgre sida hans stod Satan og vilde klaga honom.
- 2 Men Herren sagde til Satan: «Herren skal skjella deg ut, Satan! Herren skal skjella deg ut, han som hev valt ut Jerusalem! Er ikkje denne ein brand som er berga ut or elden?»
- 3 Men Josva var klædd i skitne klæde der han stod framfor engelen.
- 4 Då tok engelen til ords og sagde til deim som stod framfor honom: «Tak av honom dei skitne klædi!» Og til honom sjølv sagde han: «Sjå, eg hev teke burt syndeskuldi di, og no skal du klædast i høgtidsbunad.»
- 5 Då sagde eg: «Å, set ei rein huva på hovudet hans!» Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på honom klædi, medan Herrens engel stod der.
- 6 Og Herrens engel vitna for Josva og sagde:
- 7 «So segjer Herren, allhers drott: Dersom du gjeng på mine vegar og held mine fyresegner, so skal du både få styra mitt hus og vakta mine fyregardar, og eg skal gjeva deg lov til å ferdast millom desse som her stend.
- 8 Høyr no, Josva, du øvsteprest! Du og dine felager som sit her framfyre deg, skal vera teikn og fyrebod; for sjå, eg vil lata tenaren min, Renning koma.
- 9 For sjå, den steinen som eg hev lagt framfor Josva - på denne eine steinen vaker sju augo - på denne steinen ritar eg innskrifti som høyrer til, segjer Herren, allhers drott, og eg taka burt syndeskuldi åt dette landet på ein einaste dag.
- 10 På den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal kvar og ein av dykk kunna beda venen sin til gjestebod under vintreet og fiketreet.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗