사무엘상 9장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사무엘상 (1 Samuel) · 27절
- 1 Kis heitt ein mann av Benjamin. Han var son åt Abiel, son åt Seror, son åt Bekorat, son åt Afiah, son åt ein benjaminit. Han var ein velhalden mann.
- 2 Han hadde ein son som heitte Saul: velvaksen og væn; ingen i Israel var vænare enn han; han var hovudet høgre enn alt folket.
- 3 No hadde nokre asnor komne burt for Kis, far åt Saul. Og Kis sagde med Saul, son sin: «Tak med deg ein av drengjerne, og far av stad og leita etter asnorne!»
- 4 Han gjekk yver Efraimsheidi og so gjenom Salisalandet; men han fann deim ikkje. So gjekk dei gjenom Sa’alimslandet; men dei var ikkje der. So gjekk dei gjenom Benjaminslandet, men fann deim ikkje.
- 5 Då dei so var komne inn i Suflandet, sagde Saul med drengen han hadde med seg: «Kom, lat oss venda heim att; elles vil far verta illhuga for oss i staden for å tenkja på asnorne.»
- 6 Men han svara honom: «Sjå her i byen er det ein gudsmann som er namngjeten; alt det han segjer, det hender. Lat oss no ganga dit. Kann henda han kunde fortelja oss noko um den ferdi me hev gjeve oss ut på.»
- 7 Saul sagde til drengen: «Men um me no gjeng dit, kva skal me hava med oss til mannen? Me hev ikkje meir mat i skrepporne våre, og nokor onnor gåva hev me ikkje heller til gudsmannen; eller kva hev me?»
- 8 Drengen svara Saul andre venda: «Sjå, her hev eg i mitt eige ein kvart dalar i sylv; den vil eg gjeva gudsmannen, so han segjer oss kva leid me bør taka.»
- 9 Fyrr i tidi pla dei segja i Israel når einkvan gjekk av stad og spurde Gud: «Kom, lat oss ganga til sjåaren!» Det dei no kallar profet, kalla dei i gamle dagar sjåar.
- 10 Saul sagde til drengen: «Du hev rett! kom, lat oss ganga!» So gjekk dei til byen der gudsmannen budde.
- 11 Då dei gjekk upp bykleivi, møtte dei nokre gjentor som gjekk ut, skulde henta vatn, og spurde deim: «Er sjåaren her?»
- 12 Dei svara deim: «Ja, beint her burte. Skunda deg no! han kom nett heim til byen i dag; for i dag hev folket slagtoffer på offerhaugen.
- 13 Når de gjeng inn i byen, so finn de honom fyrr han gjeng upp på offerhaugen til måltidi; folket held ikkje måltid fyrr han kjem; for han skal vigsla offeret fyrr gjesterne tek til å eta. Gakk difor straks! nett no finn de honom.»
- 14 Dei gjekk upp til byen. Nett med same dei kom inn i byen, møtte dei Samuel på veg upp til offerhaugen.
- 15 Dagen fyrr Saul kom, hadde Herren opna øyra åt Samuel og sagt til honom:
- 16 «I morgon dette bil sender eg til deg ein mann frå Benjaminslandet; honom skal du salva til fyrste yver Israel, folket mitt; han skal frelsa folket mitt frå filistarmagti. Eg hev set til folket mitt, etter di naudropet deira hev nått upp til meg.»
- 17 Då Samuel fekk sjå Saul, gjorde Herren kunnigt for honom: «Sjå her er mannen som eg tala um til deg; han skal taka herredømet yver folket mitt.»
- 18 Saul gjekk fram til Samuel midt i porten og sagde: «Ver so snild og seg meg; kvar bur sjåaren!»
- 19 Samuel svara Saul: «Eg er sjåaren. Gakk i fyrevegen upp på offerhaugen! De skal eta med meg i dag. I morgon tidleg, når eg segjer farvel med deg, skal eg gjeva deg greida på alt det du hev på hjarta.
- 20 Asnorne som kom burt i dag tri dagar sidan, tarv du ikkje vera rædd for; dei er attfunne. Kven er det elles som eig alle eignaluter i Israel, anna du og farsætti di?»
- 21 Saul svara: «Er ikkje eg benjaminit, av den minste ætti i Israel? og mi ættgrein er den ringaste av alle Benjamins-ætterne. Kvifor talar du soleis med meg?»
- 22 Samuel tok då Saul og drengen hans og leidde deim inn i gildesalen og sessa deim øvst millom gjesterne; dei var um lag tretti mann.
- 23 Og Samuel sagde til kokken: «Kom hit med det stykket eg gav deg og bad deg gøyma vel!»
- 24 Kokken bar fram lårstykket og det som høyrde til, og sette framfor Saul. Og han sagde: «Her er det som er gøymt åt deg. Et no! Til denne høgtidsstundi vart det gøymt åt deg då eg sagde: Eg hev bede folket.» Saul heldt då måltid med Samuel den dagen.
- 25 So gjekk dei ned frå offerhaugen og inn i byen, og han tala med Saul på taket.
- 26 Tidleg næste morgon då det lyste av dag, ropa Samuel på Saul uppe på taket: «Ris upp, so vil eg fylgja deg på veg!» Saul reis upp, og dei gjekk båe av stad, han og Samuel.
- 27 Då dei var komne utanfor byen, sagde Samuel med Saul: «Bed drengen ganga fyre oss!» - han so gjorde - men sjølv må du stogga eit bil, so skal du få høyra det Gud hev tala.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗