사무엘상 8장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사무엘상 (1 Samuel) · 22절
- 1 Då Samuel vart gamall, sette han sønerne sine til domarar i Israel.
- 2 Fyrstefødde son hans heitte Joel, andre son hans Abia; dei heldt dom i Be’erseba.
- 3 Men sønerne fylgde ikkje hans fotefar; dei let seg lokka av låk vinning og tok mutor, og rengde retten.
- 4 Alle dei øvste i Israel samla seg då og kom til Samuel i Rama.
- 5 Dei sagde til honom: «Sjå, du hev vorte gamall, og sønerne dine fylgjer ikkje dine fotefar. So set no ein konge yver oss til å skifta rett, liksom alle dei hine folki hev!»
- 6 Men Samuel mislika dette, at dei sagde: «Gjev oss ein konge til å skilja trættorne våre!» Og Samuel bad til Herren.
- 7 Men Herren sagde til Samuel: «Lyd folkekravet! Ikkje deg hev dei vanda; meg hev dei vanda, og vil ikkje hava meg til konge lenger.
- 8 Liksom dei hev fare åt alle dagar frå den tid eg førde deim upp frå Egyptarland, då dei snudde ryggen til meg og tente andre gudar; soleis fer dei ogso åt mot deg.
- 9 Lyd kravet deira! Men vara deim ålvorleg, og seg kva rett ein konge tek seg når han rikjer yver deim!»
- 10 Og Samuel fortalde til folket som kravde ein konge av honom, alt det Herren hadde sagt.
- 11 Han sagde: «Dette tek han seg rett til, den kongen som kjem til å rikja yver dykk: Sønerne dykkar vil han taka og bruka framfor vognerne og hestarne sine, so dei lyt springa framfyre vognerne;
- 12 sume vil han setja til førarar og underførarar for herflokkerne sine; sume vil han setja til å pløgja åkerjordi si og til å gjera skurdonni og laga krigsvåpni sine og køyregreidorne sine;
- 13 og døtterne dykkar vil han taka til å laga kryddesalve og til å koka og baka.
- 14 Dei beste åkrarne og vinhagarne og oljeplantingarne dykkar vil han taka og gjeva åt tenarane sine.
- 15 Han vil taka tiend av såjordi og vinhagarne dykkar og gjeva henne åt hirdmennerne og tenarane sine.
- 16 Dessutan vil han taka tenestdrengjerne og tenestgjentorne dykkar og dei likaste unggutarne dykkar, og asni dykkar vil han taka og bruka i si eigi tenesta.
- 17 Av buskapen dykkar vil han taka tiend, og de lyt sjølve vera trælarne hans.
- 18 Då vil de ropa til Herren for den kongen skuld som de sjølv hev valt dykk. Men då vil han ikkje svara dykk.»
- 19 Men folket vilde ikkje lyda Samuel; «Nei,» sagde dei, «so sanneleg vil me hava ein konge.
- 20 Me vil vera jamgode med alle dei hine folki; me vil hava ein konge til domar og til hovding yver heren i krig.»
- 21 Då Samuel høyrde alt det folket sagde, bar han det fram for Herren.
- 22 Og Herren sagde til Samuel: «Lyd deim og set ein konge yver deim!» Då sagde Samuel til Israels-sønerne: «Far heim kvar til sin by!»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗