사도행전 25장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사도행전 (Acts) · 27절
- 1 Då no Festus var komen til landshovding-embættet sitt, for han tri dagar etter upp til Jerusalem frå Cæsarea.
- 2 Øvsteprestarne og dei fyrste menner av jødarne bar då fram for honom klaga mot Paulus og kom med ei bøn til honom,
- 3 med di dei mot honom bad um det som ein nåde, at han skulde henta honom til Jerusalem; for dei lagde den løynrådi å slå honom i hel på vegen.
- 4 Men Festus svara då at Paulus var i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv vilde fara dit snart.
- 5 «So kann dei av dykk,» sagde han, «som hev umbod til det fara ned saman med meg, um det er noko gale med denne mannen, og klaga på honom.»
- 6 Då han so hadde drygt hjå deim berre åtte eller ti dagar, for han ned til Cæsarea; dagen etter sette han seg på domstolen og baud at Paulus skulde førast fram.
- 7 Då han var komen, stelte dei jødarne som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring honom og bar fram imot honom mange og tunge klagemål; men dei kunde ikkje prova deim,
- 8 for Paulus forsvara seg og sagde: «Korkje mot den jødiske lov eller mot templet eller mot keisaren hev eg synda noko.»
- 9 Men då Festus vilde vinna seg takk av jødarne, svara han Paulus og sagde: «Er du viljug til å fara upp til Jerusalem og der få dom av meg i denne sak?»
- 10 Då sagde Paulus: «For keisarens domstol stend eg, og der hev eg rett til å verta dømd. Mot jødarne hev eg ingen urett gjort, so som du og vel veit.
- 11 Hev eg urett, og hev gjort noko som gjer meg skuldig til dauden, so bed eg meg ikkje fri for å døy. Men er det ikkje noko i det som desse klagar meg for, då kann ingen yvergjeva meg til deim berre for å gjera deim til lags. Eg skyt saki inn for keisaren.»
- 12 Då tala Festus med rådet sitt, og so sagde han: «For keisaren hev du skote saki inn; til keisaren skal du fara.»
- 13 Men då nokre dagar var lidne, kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og vilde helsa på Festus.
- 14 Då dei hadde vore der i fleire dagar, fortalde Festus kongen um Paulus og sagde: «Her er ein mann som Feliks let bunden etter seg;
- 15 då eg kom til Jerusalem, kom øvsteprestarne og styresmennerne for jødarne fram med ei klaga mot honom og kravde straff yver honom.
- 16 Eg svara deim at det ikkje er sedvane hjå romarane at dei for å gjera folk til lags yvergjev noko menneskje til dauden; men den som klaga gjeld, lyt fyrst standa åsyn til åsyn med klagarane sine og få høve til å forsvara seg mot klagemålet.
- 17 Då dei so var komne saman her, drygde eg ikkje ut saki, men sette meg dagen etter på domstolen og baud at mannen skulde førast fram.
- 18 Då no klagarane stod ikring honom, bar dei ikkje fram noko klagemål slikt som eg hadde tenkt meg.
- 19 Men dei hadde nokre kivsmål med honom um deira eigi gudsdyrking og um ein Jesus som var daud, men som Paulus sagde var livande.
- 20 Då eg stod rådlaus med ransakingi av dette, spurde eg um han vilde fara til Jerusalem og der få dom i saki.
- 21 Men då Paulus innanka saki og vilde vera i varetekt til keisaren felte domen, baud eg at han skulde verta halden i varetekt til dess eg fær sendt honom til keisaren.»
- 22 Agrippa sagde til Festus: «Eg vilde og gjerne høyra den mannen.» Han svara: «I morgon skal du få høyra honom.»
- 23 Dagen etter kom so Agrippa og Berenike med stor stas og gjekk inn i salen saman med dei øvste hovudsmennerne og dei gjævastee menner i byen, og etter påbod av Festus vart Paulus førd fram.
- 24 Då segjer Festus: «Kong Agrippa og alle de menner som her er saman med oss, her ser de honom som heile hopen av jødarne både i Jerusalem og her bad meg um, og ropa at han ikkje lenger måtte få liva.
- 25 Men då eg fann at han ikkje hadde gjort noko som gjorde honom skuldig til dauden, og han sjølv og skaut saki inn for keisaren, so tok eg den avgjerdi å senda honom dit.
- 26 Noko visst hev eg ikkje å skriva til herren um honom; difor førde eg honom fram for dykk og serleg for deg, kong Agrippa, so eg, når forhøyr er halde, kann hava noko å skriva.
- 27 For eg tykkjer det er meiningslaust når eg sender ein fange, at eg ikkje kann segja frå um klagemåli mot honom.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗