사도행전 24장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 사도행전 (Acts) · 27절
- 1 Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias ned med nokre av styresmennerne og ein talar, Tertullus; dei bar fram for landshovdingen klaga mot Paulus.
- 2 Han vart då kalla fram, og Tertullus tok til å klaga honom og sagde:
- 3 «Då me kann takka deg for mykjen fred, og det ved di umsut er gjort rettarbøter for dette folket i alle måtar og alle stader, so skynar me på dette, megtigaste Feliks, med all takksemd.
- 4 Men at eg ikkje skal hefta deg for lenge, so bed eg at du med ditt godlynde vil høyra på oss som stuttast!
- 5 For me hev funne at denne mannen er ein pest og ein uppøsar millom alle jødarne yver heile mannheimen og ein hovudmann for serflokken nasaræarane.
- 6 Han hev endå søkt å vanhelga templet; og me greip honom då og vilde døma honom etter vår lov.
- 7 Men Lysias, den øvste hovudsmannen, kom og førde honom burt frå våre hender med stort valdsverk,
- 8 og han baud klagarane hans å koma til deg; og av honom kann du sjølv, når du ransakar det, få kunnskap um alt det som me klagar honom for.»
- 9 Men jødarne sanna med og sagde at dette hadde seg soleis.
- 10 Men då landshovdingen nikka til honom, at han kunde få tala, so svara Paulus: «Då eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg mitt forsvar med fritt mod;
- 11 for du kann vissa deg um at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg gjekk upp til Jerusalem og vilde tilbeda.
- 12 Og korkje i templet eller i synagogorne eller ikring i byen fann dei meg talande med nokon eller eggjande folk til upprør.
- 13 Og dei kann ikkje heller prova for deg dette som dei klagar meg for.
- 14 Men det sannar eg for deg, at etter den vegen som dei kallar ein serflokk, tener eg so min fedregud, at eg trur alt som er skrive i lovi og profetarne,
- 15 og hev den voni til Gud som desse og sjølve ventar, at det skal koma ei uppstoda av daude, både av rettferdige og urettferdige.
- 16 Difor legg eg sjølv vinn på alltid å hava eit uskadt samvit for Gud og menneskje.
- 17 Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde gjeva mitt folk milde gåvor og ofra,
- 18 og dermed fann dei meg i templet, då eg hadde reinsa meg utan folkestim og utan uppstyr; men det var nokre jødar frå Asia,
- 19 og dei skulde koma fram for deg og klaga, um dei hadde noko å bera på meg.
- 20 Eller lat desse sjølve segja kva skuld dei fann hjå meg, då eg stod framfor rådet!
- 21 utan det skulde vera for dette eine ordet som eg ropa ut, då eg stod millom deim: «For uppstoda av daude stend eg i dag for retten millom dykk!»»
- 22 Men Feliks sette ut saki, då han visste betre um Guds veg, og han sagde: «Når Lysias, hovudsmannen, kjem her ned, skal eg prøva saki dykkar.»
- 23 Og han baud hovudsmannen halda honom i varetekt og lata honom hava ro og ikkje hindra nokon av hans eigne frå å vera honom til tenesta.
- 24 Då nokre dagar var farne, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinna, og sende bod etter Paulus og høyrde honom um trui på Kristus.
- 25 Men då han tala um rettferd og fråhald og den komande dom, vart Feliks rædd og svara: «Gakk burt denne gongen! når eg fær gode stunder, skal eg kalla deg til meg att.»
- 26 Han hadde og den voni, at han skulde få pengar av Paulus; difor sende han og oftare bod etter honom og tala med honom.
- 27 Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; og då Feliks vilde vinna seg takk av jødarne, let han Paulus bunden etter seg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗