민수기 23장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 30절
- 1 So sagde Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!»
- 2 Balak gjorde som Bileam sagde, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.
- 3 So sagde Bileam til Balak: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng burt eit bil; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg.» So gjekk han burt på ei treberr høgd;
- 4 der kom Gud til møtes med honom, og Bileam sagde til honom: «No hev eg stelt til sju altar, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.»
- 5 Då lagde Herren eit ord i munnen på honom, og sagde: «Gakk attende til Balak, og tala so som eg no hev lært deg.»
- 6 Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt med alle Moabs hovdingar.
- 7 Då bar han fram spådomsordet sitt, og kvad: «Or Aram Balak hit meg baud, or austerfjelli Moabs drott: «Kom! Yver Jakob våbøn lys, og vreide vond yv’ Israel!»
- 8 Koss kann eg beda vondt yv’ den som Gud vil vel og ikkje vondt, og lysa heitan harm yv’ ein som Herren ikkje harmast på?
- 9 Frå høgste nuten ser eg han, frå haugarn’ eg augna kann: Ein lyd som liver for seg sjølv. Med heidningfolk held han ’kje lag.
- 10 Kven kann upprekna Jakobs ætt, og taka tal på Israel? Det vøre telja sand i strand og gyvet som på jordi fyk. Mått’ eg som desse gode døy, og få ei endelykt som dei!»
- 11 «Kva er det du gjer?» ropa Balak. «Til å banna fiendarne mine fekk eg deg hit, og so velsignar du deim!»
- 12 «Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?» svara Bileam.
- 13 Då sagde Balak: «Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, so du kann sjå deim betre - her ser du berre enden av lægret; heile lægret ser du ikkje - og bed so ei våbøn yver deim der.»
- 14 So tok han Bileam med seg til vardehaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ung ukse og ein ver på kvart altar.
- 15 Og Bileam sagde til honom: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng der burt til eit møte.»
- 16 So kom Herren til møtes med Bileam, og lagde eit ord i munnen hans, og sagde: «So skal du tala når du kjem attende til Balak!»
- 17 Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet, og Moabs hovdingar med honom. «Kva sagde Herren?» spurde han.
- 18 Då bar Bileam upp spådomsordet sitt, og kvad: «Kom, Balak, og mitt kvede høyr, lyd på min song, son åt Sippor!
- 19 Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og.
- 20 Velsigning send’ han - signar han, so kann eg ikkje venda det.
- 21 Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt.
- 22 Gud leidd han or Egyptarland, ein urukse med sterke horn.
- 23 Jakob treng ingi trolldomskunst, og ingen spådom i Israel; når stundi er der, vert det sagt åt Jakob og åt Israel kva Gud vil gjera til kvar tid.
- 24 Sjå, lyden som ei løva ris, som løva lyfter seg til sprang, og ikkje lyster leggja seg, fyrr ho hev metta seg med rov og drukke blod av deim ho drap.»
- 25 Då sagde Balak til Bileam: «Um du ikkje vil banna deim, so tarv du då ikkje velsigna deim.»
- 26 «Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer med meg?» svara Bileam.
- 27 «Kjære, kom,» sagde kongen, «so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Herren ikkje hev noko imot at du bannar deim der.»
- 28 So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, som skodar ned på Øydemoen.
- 29 Då sagde Bileam til honom: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju unge uksar og sju verar!»
- 30 Og Balak gjorde som Bileam sagde, og på kvart alter ein ukse og ein ver.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗