민수기 18장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 32절
- 1 So sagde Herren til Aron: «Du og sønerne dine og heile farsætti di skal hava ansvaret for heilagdomen. Du og sønerne dine skal svara for preste-embættet dykkar.
- 2 Og frendarne dine, Levi-sønerne, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg, og ganga deg til handa når du og sønerne dine stend framfyre kunngjeringstjeldet.
- 3 Og dei skal gjera det som du set deim til å gjera, alt det som skal gjerast i heile tjeldet; berre dei heilage tingi og altaret må dei ikkje koma innåt; for gjer dei det lyt dei døy, både dei og de.
- 4 Dei skal halda seg attmed deg, og gjera alt det arbeidet som trengst i møtetjeldet; for ingen framand må koma innåt dykk.
- 5 Men de lyt gjera alt som skal gjerast i sjølve heilagdomen og innmed altaret, so det ikkje tidare skal koma vreide yver Israels-folket.
- 6 For det er eg som hev kåra ut levitarne, brørne dykkar, av Israels-folket; dei er ei gåva til dykk, og de skal gjeva deim åt Herren, so dei gjer det arbeidet som trengst i møtetjeldet.
- 7 Men du og sønerne dine skal styra preste-embættet og hava umsut for alt som høyrer til altaret og for det som er innanfor forhenget, og halda gudstenesta. Dykk gjev eg prestedømet i gåva; men kjem ein framand innåt, skal han lata livet.»
- 8 Og Herren sagde til Aron: «Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidorne mine; alle dei heilage gåvorne frå Israels-folket, deim gjev eg deg og sønerne dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.
- 9 Høyr no kva det er du skal hava av dei høgheilage gåvorne, når det som skal brennast, er teke undan: Alt det dei ber fram av grjonoffer og syndoffer og skuldoffer som dei gjev meg i bot, det er høgheilagt, og skal høyra deg og sønerne dine til.
- 10 På den høgheilage staden skal du eta det; alle karar kann eta av det; heilagt skal det vera for deg.
- 11 Like eins skal du hava dei gåvorne som dei gjev i reidor; alt det Israels-borni svingar for Herrens åsyn, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til i all framtid; alle i ætti di som er reine, kann eta av det.
- 12 Alt det beste av oljen og av druvesafti og kornet, det fyrste dei avlar av det, og gjev Herren, det gjev eg deg.
- 13 Dei fyrste mogna frukterne av alt som veks i landet deira, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine; alle i ætti di som er reine, kann eta deim.
- 14 Alt som er vigsla i Israel, skal høyra deg til.
- 15 Alt som kjem fyrst frå morsliv, alt livande som dei ber fram for Herren, anten det er folk eller fe, skal vera ditt; men det som er frumbore av folk, skal du lata deim løysa, og det som er frumbore av ureine dyr, kann og løysast.
- 16 Løysepengarne for borni skal leggjast etter dei hev fyllt ein månad, og svara til det verdet som sett er: fem sylvdalar i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren.
- 17 Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; so røyken stig upp mot himmelen; det er ein angande rett for Herren.
- 18 Kjøtet skal du hava; liksom svingebringa og det høgre låret skal det høyra deg til.
- 19 Alle heilage reidor som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg deg og sønerne og døtterne dine; det skal de hava retten til for alle tider. Dette er ei æveleg og ubrjotande semja med deg og etterkomarane dine for Herrens åsyn.»
- 20 Og Herren sagde til Aron: «Du fær ingen lut i landet deira og ingi jordeign millom deim; eg skal vera din lut og di eiga millom Israels-folket.
- 21 Men all tiend i Israel gjev eg Levi-sønerne til eigedom for arbeidet deira, det arbeidet dei gjer i møtetjeldet.
- 22 Og dei hine Israels-borni skal ikkje meir koma innåt møtetjeldet; for då fører dei synd yver seg, og lyt døy.
- 23 Levi-sønerne åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og hava alt ansvaret; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-folket;
- 24 men tiendi som Israels-borni kjem til Herren med, gjev eg levitarne; den skal vera deira eigedom; difor er det eg hev sagt at dei ingi jordeign skal hava millom Israels-folket.»
- 25 Og Herren tala til Moses, og sagde:
- 26 «Du skal tala til levitarne, og segja til deim: «Når de tek imot tiendi som eg hev sagt de skal få til eigedom av Israels-folket, so skal de gjeva Herren ei reida av det - tiend av tiendi.
- 27 Og reida dykkar skal reknast for jamgod med det kornet dei andre ber fram frå låven og den vinen dei kjem med frå persa.
- 28 På den måten gjev de og Herren reida av all tiendi de fær hjå Israels-borni, og den reida de hev etla åt Herren, skal de gjeva Aron, øvstepresten.
- 29 Av alle gåvor de fær, skal de fyrst taka ut alt det de vil gjeva Herren, og det de vigjer honom, lyt all tid vera av det beste.»
- 30 Og du skal segja til deim: «Når de ofrar det beste av det, so skal det reknast likt med det som kjem inn ifrå låven og ifrå vinpersa;
- 31 de kann eta det kvar de vil, både de og folket dykkar; for det er løni de skal hava for arbeidet i møtetjeldet.
- 32 De ber ingi synd for det, når det berre gjev frå dykk det beste, og de vanhelgar ikkje dei heilage gåvorne frå Israels-folket, og skal ikkje lata livet.»»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗