민수기 17장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 민수기 (Numbers) · 13절
- 1 Då tala Herren til Moses, og sagde:
- 2 «Tala til Israels-sønerne, og få tolv stavar av deim, ein for kvar ætt; av kvar ættarhovding skal du få ein stav, og på den skal du rita namnet hans.
- 3 Og Arons namn skal du setja på staven åt Levi-sønerne; for ein av stavarne skal deira ættarhovding hava.
- 4 So skal du leggja stavarne i møtetjeldet, framfyre kunngjeringskista, der som eg er van å møtast med dykk.
- 5 Då skal han bløma, staven åt den eg vel ut - so fær eg vel fred for den mukkingi som Israels-borni jamleg plågar dykk med.»
- 6 So tala Moses til Israels-borni, og hovdingarne gav honom kvar sin stav, ein stav for kvar ætt; det var tolv stavar i alt, og millom deim var staven hans Aron.
- 7 Og Moses lagde stavarne ned framfor Herrens åsyn i kunngjeringstjeldet.
- 8 Då han so andre dagen kom inn i kunngjeringstjeldet, såg han at Arons stav, den som høyrde til Levi-ætti, hadde grønkast, og skote knuppar, og sett blom, og fenge mogne mandlar.
- 9 Då tok han alle stavarne, og bar deim ut or heilagdomen, og synte deim åt alle Israels-borni, og då dei hadde set deim, tok kvar sin stav.
- 10 Og Herren sagde til Moses: «Ber Arons stav inn att, og legg honom frammed kunngjeringskista! Der skal han gøymast til ei åtvaring for dei ulyduge; for held dei ikkje upp med å mukka imot meg, so skal dei døy.»
- 11 Og Moses gjorde so; som Herren hadde sagt med honom, so gjorde han.
- 12 Men Israels-borni sagde til Moses: «Sjå no er det ute med oss; me døyr, me døyr alle saman!
- 13 Kjem nokon innåt - innåt Herrens hus - so misser han livet. Er det ikkje då ute med oss alle?»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗