마태복음 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 29절
- 1 Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter,
- 2 og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i.
- 3 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?
- 4 Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga!
- 5 Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.
- 6 Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund.
- 7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!
- 8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.
- 9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød,
- 10 eller ein orm når han bed um ein fisk?
- 11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom!
- 12 Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne.
- 13 Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der.
- 14 Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom.
- 15 Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar.
- 16 På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar?
- 17 Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt,
- 18 eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt.
- 19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.
- 20 So skal de då kjenna deim på frukterne.
- 21 Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil.
- 22 På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?»
- 23 Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!»
- 24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg.
- 25 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg.
- 26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand.
- 27 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.»
- 28 Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans.
- 29 For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗