로그인

마태복음 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 마태복음 (Matthew) · 29절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter, Judge not, that ye be not judged.
2 og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i. For with what judgment ye judge, ye shall be judged: and with what measure ye mete, it shall be measured to you again.
3 Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var? And why beholdest thou the mote that is in thy brother’s eye, but considerest not the beam that is in thine own eye?
4 Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga! Or how wilt thou say to thy brother, Let me pull out the mote out of thine eye; and, behold, a beam is in thine own eye?
5 Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din. Thou hypocrite, first cast out the beam out of thine own eye; and then shalt thou see clearly to cast out the mote out of thy brother’s eye.
6 Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund. Give not that which is holy unto the dogs, neither cast ye your pearls before swine, lest they trample them under their feet, and turn again and rend you.
7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk! Ask, and it shall be given you; seek, and ye shall find; knock, and it shall be opened unto you:
8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for. For every one that asketh receiveth; and he that seeketh findeth; and to him that knocketh it shall be opened.
9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød, Or what man is there of you, whom if his son ask bread, will he give him a stone?
10 eller ein orm når han bed um ein fisk? Or if he ask a fish, will he give him a serpent?
11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom! If ye then, being evil, know how to give good gifts unto your children, how much more shall your Father which is in heaven give good things to them that ask him?
12 Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne. Therefore all things whatsoever ye would that men should do to you, do ye even so to them: for this is the law and the prophets.
13 Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der. Enter ye in at the strait gate: for wide is the gate, and broad is the way, that leadeth to destruction, and many there be which go in thereat:
14 Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom. Because strait is the gate, and narrow is the way, which leadeth unto life, and few there be that find it.
15 Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar. Beware of false prophets, which come to you in sheep’s clothing, but inwardly they are ravening wolves.
16 På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar? Ye shall know them by their fruits. Do men gather grapes of thorns, or figs of thistles?
17 Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt, Even so every good tree bringeth forth good fruit; but a corrupt tree bringeth forth evil fruit.
18 eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt. A good tree cannot bring forth evil fruit, neither can a corrupt tree bring forth good fruit.
19 Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden. Every tree that bringeth not forth good fruit is hewn down, and cast into the fire.
20 So skal de då kjenna deim på frukterne. Wherefore by their fruits ye shall know them.
21 Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil. Not every one that saith unto me, Lord, Lord, shall enter into the kingdom of heaven; but he that doeth the will of my Father which is in heaven.
22 På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?» Many will say to me in that day, Lord, Lord, have we not prophesied in thy name? and in thy name have cast out devils? and in thy name done many wonderful works?
23 Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!» And then will I profess unto them, I never knew you: depart from me, ye that work iniquity.
24 Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg. Therefore whosoever heareth these sayings of mine, and doeth them, I will liken him unto a wise man, which built his house upon a rock:
25 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg. And the rain descended, and the floods came, and the winds blew, and beat upon that house; and it fell not: for it was founded upon a rock.
26 Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand. And every one that heareth these sayings of mine, and doeth them not, shall be likened unto a foolish man, which built his house upon the sand:
27 Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.» And the rain descended, and the floods came, and the winds blew, and beat upon that house; and it fell: and great was the fall of it.
28 Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans. And it came to pass, when Jesus had ended these sayings, the people were astonished at his doctrine:
29 For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde. For he taught them as one having authority, and not as the scribes.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL