로마서 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 14절 · 대역: King James Version
| 절 | Studentmållagsbibelen frå 1921 | King James Version |
|---|---|---|
| 1 | Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa, | Let every soul be subject unto the higher powers. For there is no power but of God: the powers that be are ordained of God. |
| 2 | so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom. | Whosoever therefore resisteth the power, resisteth the ordinance of God: and they that resist shall receive to themselves damnation. |
| 3 | For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne; | For rulers are not a terror to good works, but to the evil. Wilt thou then not be afraid of the power? do that which is good, and thou shalt have praise of the same: |
| 4 | for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er. | For he is the minister of God to thee for good. But if thou do that which is evil, be afraid; for he beareth not the sword in vain: for he is the minister of God, a revenger to execute wrath upon him that doeth evil. |
| 5 | Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet. | Wherefore ye must needs be subject, not only for wrath, but also for conscience sake. |
| 6 | Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette. | For for this cause pay ye tribute also: for they are God’s ministers, attending continually upon this very thing. |
| 7 | Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava. | Render therefore to all their dues: tribute to whom tribute is due; custom to whom custom; fear to whom fear; honour to whom honour. |
| 8 | Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi. | Owe no man any thing, but to love one another: for he that loveth another hath fulfilled the law. |
| 9 | For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.» | For this, Thou shalt not commit adultery, Thou shalt not kill, Thou shalt not steal, Thou shalt not bear false witness, Thou shalt not covet; and if there be any other commandment, it is briefly comprehended in this saying, namely, Thou shalt love thy neighbour as thyself. |
| 10 | Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi. | Love worketh no ill to his neighbour: therefore love is the fulfilling of the law. |
| 11 | Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui. | And that, knowing the time, that now it is high time to awake out of sleep: for now is our salvation nearer than when we believed. |
| 12 | Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på! | The night is far spent, the day is at hand: let us therefore cast off the works of darkness, and let us put on the armour of light. |
| 13 | Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund, | Let us walk honestly, as in the day; not in rioting and drunkenness, not in chambering and wantonness, not in strife and envying. |
| 14 | men iklæd dykk Herren Jesus Kristus, og hav ikkje soleis umsut for kjøtet, at det vekkjer lyster! | But put ye on the Lord Jesus Christ, and make not provision for the flesh, to fulfil the lusts thereof. |
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL