로그인

로마서 12장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 21절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta - I beseech you therefore, brethren, by the mercies of God, that ye present your bodies a living sacrifice, holy, acceptable unto God, which is your reasonable service.
2 og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne. And be not conformed to this world: but be ye transformed by the renewing of your mind, that ye may prove what is that good, and acceptable, and perfect, will of God.
3 For ved den nåde som eg hev fenge, segjer eg til kvar og ein millom dykk, at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja visleg, alt etter som Gud hev tiletla kvar sitt mål av tru. For I say, through the grace given unto me, to every man that is among you, not to think of himself more highly than he ought to think; but to think soberly, according as God hath dealt to every man the measure of faith.
4 For liksom me hev mange lemer på ein likam, men ikkje alle lemerne hev den same gjerning, For as we have many members in one body, and all members have not the same office:
5 soleis er me mange ein likam i Kristus, men kvar for seg er me kvarannans lemer. So we, being many, are one body in Christ, and every one members one of another.
6 Og sidan me hev ulike nådegåvor alt etter den nåde som me hev fenge, so lat oss, um me hev profetgåva, bruka henne etter som me hev tru til, Having then gifts differing according to the grace that is given to us, whether prophecy, let us prophesy according to the proportion of faith;
7 eller um me hev ei tenesta, taka vare på tenesta, eller um ein er lærar, på lærdomen, Or ministry, let us wait on our ministering: or he that teacheth, on teaching;
8 eller um ein skal påminna, på påminningi; den som etlar ut, gjere det i god tru; den som er styrar, vere det med ihuge; den som gjer miskunn, gjere det med gleda! Or he that exhorteth, on exhortation: he that giveth, let him do it with simplicity; he that ruleth, with diligence; he that sheweth mercy, with cheerfulness.
9 Lat kjærleiken utan fals; styggjest ved det vonde, haldt fast ved det gode! Let love be without dissimulation. Abhor that which is evil; cleave to that which is good.
10 Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad! Be kindly affectioned one to another with brotherly love; in honour preferring one another;
11 Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren! Not slothful in business; fervent in spirit; serving the Lord;
12 Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni! Rejoicing in hope; patient in tribulation; continuing instant in prayer;
13 Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap! Distributing to the necessity of saints; given to hospitality.
14 Velsigna deim som forfylgjer dykk; velsigna, og banna ikkje! Bless them which persecute you: bless, and curse not.
15 Gled dykk med dei glade og gråt med dei gråtande! Rejoice with them that do rejoice, and weep with them that weep.
16 Ver samlyndte med kvarandre; trå ikkje etter det høge; men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke! Be of the same mind one toward another. Mind not high things, but condescend to men of low estate. Be not wise in your own conceits.
17 Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns åsyn! Recompense to no man evil for evil. Provide things honest in the sight of all men.
18 So framt det er mogelegt, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneskje! If it be possible, as much as lieth in you, live peaceably with all men.
19 Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.» Dearly beloved, avenge not yourselves, but rather give place unto wrath: for it is written, Vengeance is mine; I will repay, saith the Lord.
20 Um då fienden din er hungrig, so gjev honom mat; er han tyrst, so gjev honom drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans. Therefore if thine enemy hunger, feed him; if he thirst, give him drink: for in so doing thou shalt heap coals of fire on his head.
21 Lat ikkje det vonde vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode! Be not overcome of evil, but overcome evil with good.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL