로그인

로마서 13장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 14절

  1. 1 Kvar mann skal vera lydug mot dei fyresette styremagter. For det finst ikkje styremagt utan av Gud, men dei som finst, deim hev Gud skipa,
  2. 2 so den som set seg imot styremagti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.
  3. 3 For dei styrande er ikkje til rædsla for den gode gjerning, men for den vonde. Vil du sleppa å ræddast styremagti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;
  4. 4 for ho er Guds tenar, deg til gode. Men gjer du det som vondt er, so ræddast! for ho ber ikkje sverdet for inkje; ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing yver den som gjer det som vondt er.
  5. 5 Difor er det naudsynleg å vera lydug, ikkje berre for refsingi skuld, men og for samvitet.
  6. 6 Difor legg de og skatt, for dei er Guds tenarar, som just tek vare på dette.
  7. 7 Gjev då alle det de er deim skuldige: skatt til den som skatt skal hava, toll til den som toll skal hava, age til den som age skal hava, æra til den som æra skal hava.
  8. 8 Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.
  9. 9 For ordi: «Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje slå i hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta,» og kva anna bodord det kann vera, det samlar seg til eitt i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv.»
  10. 10 Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.
  11. 11 Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me skal vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me tok ved trui.
  12. 12 Det lid med natti, og det stundar mot dag; lat oss då leggja verki frå myrkret av, og taka våpni til ljoset på!
  13. 13 Lat oss ferdasta sømeleg som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i utukt og lauslivnad, ikkje i kiv og ovund,
  14. 14 men iklæd dykk Herren Jesus Kristus, og hav ikkje soleis umsut for kjøtet, at det vekkjer lyster!

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗