로그인

로마서 10장 Studentmållagsbibelen frå 1921

Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 로마서 (Romans) · 21절 · 대역: King James Version

절Studentmållagsbibelen frå 1921King James Version
1 Brør! mitt hjartans ynskje og mi bøn til Gud for deim er at dei må verta frelste. Brethren, my heart’s desire and prayer to God for Israel is, that they might be saved.
2 For eg gjev deim det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd; For I bear them record that they have a zeal of God, but not according to knowledge.
3 for då dei ikkje kjende Guds rettferd, men stræva etter å grunna si eigi rettferd, so gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd. For they being ignorant of God’s righteousness, and going about to establish their own righteousness, have not submitted themselves unto the righteousness of God.
4 For Kristus er enden på lovi til rettferd for kvar den som trur. For Christ is the end of the law for righteousness to every one that believeth.
5 For Moses skriv um den rettferd som er av lovi: «Det menneskjet som gjer desse ting, skal liva ved deim.» For Moses describeth the righteousness which is of the law, That the man which doeth those things shall live by them.
6 Men den rettferdi som er av tru, segjer so: «Seg ikkje i ditt hjarta: «Kven skal fara upp til himmelen» - det vil segja til å henta Kristus ned -? But the righteousness which is of faith speaketh on this wise, Say not in thine heart, Who shall ascend into heaven? (that is, to bring Christ down from above:)
7 eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen» - det vil segja til å henta Kristus upp frå dei daude -?» Or, Who shall descend into the deep? (that is, to bring up Christ again from the dead.)
8 Men kva segjer ho? «Ordet er deg nær i munnen din og i hjarta ditt;» det er ordet um tru, det som me forkynner, But what saith it? The word is nigh thee, even in thy mouth, and in thy heart: that is, the word of faith, which we preach;
9 for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst; That if thou shalt confess with thy mouth the Lord Jesus, and shalt believe in thine heart that God hath raised him from the dead, thou shalt be saved.
10 for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa. For with the heart man believeth unto righteousness; and with the mouth confession is made unto salvation.
11 For Skrifti segjer: «Kvar den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.» For the scripture saith, Whosoever believeth on him shall not be ashamed.
12 For det er inkje skil på jøde og grækar; alle hev dei same Herre, som er rik nok for alle som kallar på honom. For there is no difference between the Jew and the Greek: for the same Lord over all is rich unto all that call upon him.
13 For kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. For whosoever shall call upon the name of the Lord shall be saved.
14 Korleis skal dei då kalla på den som dei ikkje trur på? og korleis skal dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis skal dei høyra utan det er nokon som forkynner? How then shall they call on him in whom they have not believed? and how shall they believe in him of whom they have not heard? and how shall they hear without a preacher?
15 Og korleis skal dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: «Kor fagre føterne deira er, som forkynner fred, som ber godt bod!» And how shall they preach, except they be sent? as it is written, How beautiful are the feet of them that preach the gospel of peace, and bring glad tidings of good things!
16 Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Jesaja segjer: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde?» But they have not all obeyed the gospel. For Esaias saith, Lord, who hath believed our report?
17 So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord. So then faith cometh by hearing, and hearing by the word of God.
18 Men eg segjer: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau, til vissa; «røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.» But I say, Have they not heard? Yes verily, their sound went into all the earth, and their words unto the ends of the world.
19 Men eg segjer: Skyna ikkje Israel det då? Fyrst segjer Moses: «Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk, på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.» But I say, Did not Israel know? First Moses saith, I will provoke you to jealousy by them that are no people, and by a foolish nation I will anger you.
20 Og Jesaja vågar seg til å segja: «Eg vart funnen av deim som ikkje søkte meg; eg synte meg for deim som ikkje spurde etter meg.» But Esaias is very bold, and saith, I was found of them that sought me not; I was made manifest unto them that asked not after me.
21 Men um Israel segjer han: «All dagen rette eg ut henderne mine til eit ulydugt og motstridigt folk.» But to Israel he saith, All day long I have stretched forth my hands unto a disobedient and gainsaying people.

Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗
King James Version — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: GPL