느헤미야 7장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 느헤미야 (Nehemiah) · 73절
- 1 Då no muren var uppbygd, sette eg inn dørerne. Og portvakti tilsett; like eins songarane og levitarne.
- 2 Og eg sette yver Jerusalem Hanani, bror min, og Hananja, borghovdingen; han vart halden for ein framifrå truverdig og gudleg mann.
- 3 Og eg sagde til deim: «Portarne i Jerusalem må ikkje verta opna fyrr soli tek til å hita. Og medan vakti endå stend på post, skal dørerne verta stengde og læste, og nye vaktfolk skal stella seg upp av borgararne i Jerusalem, kvar på post, kvar utanfor sitt hus.»
- 4 Byen var vid og stor, men folket i honom var fåment, og husi var ikkje uppbygde.
- 5 Eg fekk då den inngivnad av min Gud at eg skulde stemna i hop dei adelborne og formennerne og heile folket til uppskriving i ættarlista. Då fann eg ættarlista yver deim som fyrst hadde fare heim. Og der fann eg skrive:
- 6 Her kjem talet på dei fylkesbuarne som for heim or utlægdi, dei som Nebukadnessar, kongen i Babel, hadde ført burt, og som no for heim att til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.
- 7 Dei fylgde Zerubbabel og Jesua, Nehemia og Azarja, Ra’amja og Nahamani, Mordokai og Bilsan, Misperet og Bigvai, Nehum og Ba’ana. - Dette er manntalet yver alle mennerne i Israels-lyden:
- 8 Paros-sønerne, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
- 9 Sefatja-sønerne, tri hundrad og tvo og sytti;
- 10 Arahs-sønerne, seks hundrad og tvo og femti;
- 11 Pahat-Moabs-sønerne, av Jesua- og Joabs-sønerne, tvo tusund åtte hundrad og attan;
- 12 Elams-sønerne, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
- 13 Zattu-sønerne, åtte hundrad og fem og fyrti;
- 14 Zakkai-sønerne, sju hundrad og seksti;
- 15 Binnui-sønerne, seks hundrad og åtte og fyrti;
- 16 Bebai-sønerne, seks hundrad og åtte og tjuge;
- 17 Azgads-sønerne, tvo tusund tri hundrad og tvo og tjuge;
- 18 Adonikams-sønerne, seks hundrad og sju og seksti;
- 19 Bigvai-sønerne, tvo tusund og sju og seksti;
- 20 Adins-sønerne, seks hundrad og fem og femti;
- 21 Aters-sønerne av Hizkia-ætti, åtte og nitti;
- 22 Hasums-sønerne, tri hundrad og åtte og tjuge;
- 23 Besai-sønerne, tri hundrad og fire og tjuge;
- 24 Harifs-sønerne, hundrad og tolv;
- 25 Gibeons-sønerne, fem og nitti;
- 26 mennerne frå Betlehem og Netofa, hundrad og åtte og åtteti;
- 27 mennerne frå Anatot, hundrad og åtte og tjuge;
- 28 mennerne frå Bet-Azmavet, tvo og fyrti;
- 29 mennerne frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot, sju hundrad og tri og fyrti;
- 30 mennerne frå Rama og Geba, seks hundrad og ein og tjuge;
- 31 mennerne frå Mikmas, hundrad og tvo og tjuge;
- 32 mennerne frå Betel og Aj, hundrad og tri og tjuge;
- 33 mennerne frå det andre Nebo, tvo og femti;
- 34 den andre Elam søner, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
- 35 Harims-sønerne, tri hundrad og tjuge;
- 36 Jeriko-sønerne, tri hundrad og fem og fyrti;
- 37 Lods-, Hadids- og Ono-sønerne, sju hundrad og ein og tjuge;
- 38 Sena’a-sønerne, tri tusund ni hundrad og tretti.
- 39 Av prestarne: Jedaja-sønerne av Jesua-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
- 40 Immers-sønerne, eit tusund og tvo og femti;
- 41 Pashurs-sønerne, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
- 42 Harims-sønerne, eit tusund og syttan.
- 43 Av levitarne: Jesua-sønerne av Kadmiels-ætti, av Hodeva-sønerne, fire og sytti.
- 44 Av songarane: Asafs-sønerne, hundrad og åtte og fyrti.
- 45 Av dørvaktarane: Sallums-sønerne, Aters-sønerne, Talmons-sønerne, Akkubs-sønerne, Hatita-sønerne, Sobai-sønerne, hundrad og åtte og tretti.
- 46 Av tempelsveinarne: Siha-sønerne, Hasufa-sønerne, Tabbaots-sønerne,
- 47 Keros-sønerne, Sia-sønerne, Padons-sønerne,
- 48 Lebana-sønerne, Hagaba-sønerne, Salmai-sønerne,
- 49 Hanans-sønerne, Giddels-sønerne, Gahars-sønerne,
- 50 Reaja-sønerne, Resins-sønerne, Nekoda-sønerne,
- 51 Gazzams-sønerne, Uzza-sønerne, Paseahs-sønerne,
- 52 Besai-sønerne, Me’unims-sønerne, Nefussims-sønerne,
- 53 Bakbuks-sønerne, Hakufa-sønerne, Harhurs-sønerne,
- 54 Basluts-sønerne, Mehida-sønerne, Harsa-sønerne,
- 55 Barkos-sønerne, Sisera-sønerne, Tamahs-sønerne,
- 56 Nesiahs-sønerne, Hatifa-sønerne.
- 57 Av sønerne åt Salomo-sveinarne: Sotai-sønerne, Soferets-sønerne, Perida-sønerne,
- 58 Ja’ala-sønerne, Darkons-sønerne, Giddels-sønerne.
- 59 Sefatja-sønerne, Hattils-sønerne, Pokeret-Hassebajims-sønerne, Amons-sønerne.
- 60 Alle tempelsveinarne og sønerne åt Salomo-sveinarne var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
- 61 Frå Tel-Melah og Tel-Harsa, Kerub og Addon og Immer for dei ut dei som her skal nemnast; men dei kunde ingi greida gjeva um federne sine og ætti, - um dei i det heile høyrde Israels-folket til; det var:
- 62 Delaja-sønerne, Tobia-sønerne og Nekoda-sønerne, seks hundrad og tvo og fyrti,
- 63 og av prestarne: Habaja-sønerne, Hakkos-sønerne, sønerne åt Barzillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Gileads-mannen Barzillai til kona og fekk namn etter deim.
- 64 Desse leita etter ættartavlorne sine, men kunde ikkje finna deim; difor vart dei kjende uverdige til å vera prestar.
- 65 Jarlen dømde at dei ikkje måtte eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest med urim og tummim.
- 66 Heile lyden var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
- 67 umfram trælarne og trælkvinnorne; talet på deim var sju tusund tri hundrad og sju og tretti. Dertil kom tvo hundrad og fem og fyrti songarar, karar og kvende.
- 68 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
- 69 fire hundrad og fem og tretti kamelar, og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
- 70 Nokre av ættehovdingane ytte pengehjelp til arbeidet. Jarlen lagde i kassa fem tusund dalar i gull, femti skåler, og fem hundrad og tretti prestekjolar.
- 71 Og nokre av ættarhovdingarne lagde i byggjekassa hundrad tusund dalar i gull og seks og seksti tusund dalar i sylv.
- 72 Og det som hitt folket gav, var hundrad tusund dalar i gull, seksti tusund dalar i sylv, og sju og seksti prestekjolar.
- 73 Prestarne og levitarne og dørvaktarane og songarane, og nokre av lyden, og tempelsveinarne og heile Israel elles sette då bu i sine byar. Då den sjuande månaden kom, var Israels-sønerne i sine byar.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗