느헤미야 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 느헤미야 (Nehemiah) · 19절
- 1 Då no Sanballat og Tobia og arabaren Gesem og dei hine fiendarne våre fekk spurt at eg hadde bygt upp muren, og at det ikkje fanst nokon rivna att i honom - endå hadde eg ikkje sett inn dører i portarne -
- 2 då sende Sanballat og Gesem bod til meg med dei ordi: «Kom, lat oss setja stemna med kvarandre i ein av landsbyarne i Onodalen!» Dei tenkte å gjera meg eitkvart ilt.
- 3 Eg sende bod attende og svara deim: «Eg driv på med eit stort arbeid, so eg kann ikkje koma ned. Kvi skulde arbeidet kvila, når eg gjekk frå det og kom ned til dykk?»
- 4 Fire gonger sende dei same bodet til meg; kvar gong gav eg deim same svaret.
- 5 Femte gongen sende Sanballat same bodet, og det med drengjen sin med ope brev i handi.
- 6 Der stod skrive: «Det ordet gjeng millom grannefolki, og Gasmu segjer det same, at du og jødarne tenkjer på upprør mot kongen, og det er difor du byggjer upp att muren; ja, at du etlar deg verta kongen deira, so segjer dei.
- 7 Og at du jamvel hev tinga deg profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Juda. No vil kongen få høyra um dette. Kom då, lat oss samrådast!»
- 8 Då sende eg dette svaret: «Ingen ting hev hendt av det du nemner; det er noko du sjølv hev funne på.»
- 9 Dei tekte alle dei skulde skræma oss, so henderne våre skulde valna og arbeidet verta ugjort. Men styrk du henderne mine!
- 10 Eg kom inn i huset åt Semaja, son åt Delaja, soneson åt Mehetabel, medan han heldt seg inne. Han sagde: «Lat oss ganga saman til Guds hus, inn i templet, og stengja dørerne til templet; for dei kjem og vil drepa deg, ja, dei kjem um natti og vil drepa deg.»
- 11 Men eg svara: «Skulde ein mann som eg røma sin veg? Eller kann ein mann som eg ganga inn i heilagdomen og endå få liva? Eg gjeng ikkje.»
- 12 Eg skyna greidt at ikkje Gud hadde sendt honom, han tala dette profetordet yver meg berre av di Tobia og Sanballat hadde leigt honom til det.
- 13 Meiningi med dette var at han skulde skræma meg til å gjera so og dermed forsynda meg. Det vilde gjenge på æra mi, so dei kunde ført spott og skam yver meg.
- 14 Min Gud, kom i hug Tobia og Sanballat for desse verki hans, og like eins profetkvinna Noadja og dei hine profetarne som vilde skræma meg.
- 15 Muren vart fullt ferdig på tvo og femti dagar, den fem og tjugande dagen i månaden elul.
- 16 Då alle fiendarne våre spurde dette, då ottast alle grannefolki, og dei minka mykje i sine eigne augo. Dei skyna at dette arbeidet var eit verk av vår Gud.
- 17 I dei dagarne skreiv dei jødiske adelsmennerne mange brev som gjekk til Tobia, og frå Tobia kom det brev attende til deim.
- 18 Mange jødar var i svorne vener av honom; han var måg til Sekanja Arahsson; og Johanan, son hans, var gift med dotter åt Mesullam Berekjason.
- 19 Gong på gong tala dei med meg um dygderne hans, og mine ord bar dei fram til honom. Tobia sende ogso brev til å skræma meg.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗