누가복음 21장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 38절
- 1 Då han såg upp, vart han var at dei rike lagde gåvorne sine i templekista;
- 2 og han vart var ei armodsleg enkja, som lagde tvo skjervar.
- 3 Då sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Denne fatige enkja hev lagt meir enn dei alle.
- 4 For det som desse gav, det gav dei alle av nøgdi si; men ho gav av si fatige råd - gav alt ho hadde til å livberga seg med.»
- 5 Det var nokre som tala um templet, at det var prydt med fagre steinar og vigde gåvor. Då sagde han:
- 6 «Dette som de skodar, um det skal de vita at det vil koma ei tid då her ikkje vert liggjande stein på stein, som ikkje skal rivast laus.»
- 7 «Når skal då dette ganga fyre seg, meister,» spurde dei, «og kva er merket på at den tidi lid nær?»
- 8 Då svara han: Sjå dykk fyre, so ingen fær ført dykk på villstig! For mange skal taka mitt namn og segja: «Det er eg!» og: «Det lid innpå tidi. Fylg ikkje etter deim!
- 9 Og når de høyrer um ufred og upprør, so vert ikkje fælne! For fyrst lyt det henda; men enden kjem ikkje straks.»
- 10 So sagde han til deim: «Folk skal reisa seg imot folk, og rike mot rike;
- 11 store jordskjelvar skal koma, og uår og sott kring i landi; og det skal syna seg skræmor og store teikn frå himmelen.
- 12 Men fyrr alt dette hender, skal dei leggja hand på dykk og forfylgja dykk og draga dykk inn i synagogor og fangehus; og de skal førast fram for kongar og landshovdingar for mitt namn skuld.
- 13 Då skal de koma til å vitna.
- 14 Legg dykk då på minne at de ikkje fyreåt tarv tenkja på korleis de skal svara for dykk!
- 15 Eg skal gjeva dykk munn og visdom, som ingen av motmennerne dykkar skal kunna standa seg for eller segja imot.
- 16 Jamvel foreldre og brør og skyldfolk og vener skal svika dykk og valda sume av dykk dauden,
- 17 og alle skal hata dykk for mitt namn skuld.
- 18 Men ikkje eit hår på hovudet dykkar skal forkomast.
- 19 Haldt ut, so skal de vinna sjælerne dykkar!
- 20 Når de ser at stridsherar kringset Jerusalem, då skal de vita at det ikkje er lenge fyrr han vert lagd i øyde.
- 21 Då lyt dei som er i Judaland røma til fjells; dei som er inni byen, lyt flytja ut, og dei som er utpå landet, må ikkje koma inn.
- 22 For dette er hemnardagarne; då skal det ganga fram alt det som stend skrive.
- 23 Stakkars deim som gjeng med barn eller gjev brjost, i dei dagarne! For det skal vera stor naud i landet og vreide yver dette folket.
- 24 Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.
- 25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.
- 26 Folk skal uvita av rædsla og gru for det som kjem yver mannaheimen; for himmelkrafterne skal skakast.
- 27 Då skal dei sjå Menneskjesonen koma i skyi med velde og stor herlegdom.
- 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk upp, og lyft hovudet! for det lid mot utløysingi dykkar.»
- 29 So sagde han deim ei likning: «Sjå på fiketreet og alle andre tre!
- 30 So snart de ser dei hev sprotte, då veit de av dykk sjølve at no er sumaren nær.
- 31 Soleis når de ser dette hender, då veit de at Guds rike er nær.
- 32 Det segjer eg dykk for visst: Denne ætti skal ikkje forgangast fyrr alt saman hev hendt.
- 33 Himmel og jord skal forgangast, men mine ord skal aldri forgangast.
- 34 Gjev agt på dykk sjølve, at de aldri let hjarta tyngjast av rus og ovdrykk og verdsleg sut, so den dagen kjem uventande på dykk!
- 35 For som eit fuglenet skal han skal koma yver alle som bur kring i vidande verdi.
- 36 Vak kvar tid og stund, og bed at de kann få styrk til å røma undan alt dette som koma skal, og standa dykk framfor Menneskjesonen!»
- 37 Um dagarne lærde han i templet; men um kveldarne gjekk han ut or byen og var natti yver på den åsen dei kallar Oljeberget.
- 38 Og alt folket kom tidleg um morgonen til honom i templet og lydde på honom.
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗