누가복음 20장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 누가복음 (Luke) · 47절
- 1 Som han no ein dag lærde folket i templet og bar fram fagnadbodet, steig øvsteprestarne og dei skriftlærde upp, i hop med styresmennerne,
- 2 og dei tala soleis til honom: «Seg oss: Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven var det som gav deg retten?»
- 3 «Eg vil og spyrja dykk um ein ting,» svara han: «Seg de meg:
- 4 Var dåpen åt Johannes frå himmelen, eller var det menneskjeverk?
- 5 Då slo dei yver med seg sjølve og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom ikkje?»
- 6 og svarar me: «Det var menneskjeverk,» so kjem heile folket til å steina oss i hel; for dei trur fullt og fast at Johannes var ein profet.»
- 7 So svara dei at dei visste ikkje kvar Johannes-dåpen var ifrå.»
- 8 «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.
- 9 So tok han til å tala til folket og sagde deim ei likning: «Det var ein gong ein mann som stelte til ein vingard; den leigde han burt til brukarar, og so for han utanlands og vart burte i lang æva.
- 10 Då rette tidi kom, sende han ein av sveinarne sine til brukarane, og kravde at dei skulde gjeva honom noko av det som var avla i vingarden. Men brukarane slo sveinen og sende honom burt att med tome hender.
- 11 So sende han atter ein annan svein; den slo dei og, og hædde honom og sende honom burt att med henderne tome.
- 12 Og endå ein tridje sende han; den for dei like eins med, slo honom til blods og kasta honom ut.
- 13 «Kva skal eg no gjera?» sagde han som åtte vingarden. «Eg vil senda son min, han som eg elskar so høgt; kann henda dei hev age for honom!»
- 14 Men då brukarane fekk sjå honom, lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Dette er ervingen! Lat oss slå han i hel, so me kann få arven!»
- 15 So kasta dei honom ut or vingarden og slo honom i hel. Kva skal no vingardseigaren gjera med deim?
- 16 Han skal koma og gjera ende på desse brukarane og lata andre få vingarden.» Då dei høyrde det, sagde dei: «Slikt må aldri henda!»
- 17 Då såg han på deim og sagde: «Kva tyder då dette ordet i skrifti: «Den steinen byggjarane vanda, den var det som vart hyrnestein?»
- 18 Kvar den som fell på den steinen, skal slå seg sund; men den som steinen fell på, skal han smuldra til dust.»
- 19 Dei skriftlærde og øvsteprestarne vilde ha lagt hand på honom i same stund, men dei torde ikkje for folket; dei skyna at det var deim han meinte med likningi si.
- 20 So gjætte dei på honom og sende folk ut som skulde lura på honom og låst vera lovlydige, so dei kunde fanga honom i ord, og so gjeva honom yver til styremagti og i henderne på landshovdingen.
- 21 Dei sette fram eit spursmål for honom og sagde: «Meister, me veit at du talar og lærer rett og ikkje gjer skil på folk, men lærer Guds veg etter sanningi -
- 22 er det rett at me legg skatt til keisaren, eller er det ikkje?»
- 23 Men han gådde listi deira og sagde til deim:
- 24 «Syn meg ein sylvmynt! Kva bilæte og namn er det han hev?» «Det er keisarens,» svara dei.
- 25 «Vel,» sagde han til deim, «gjev so keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er!»
- 26 Soleis kunde dei ikkje fanga honom i noko ord so folket var vitne på det; dei undra seg berre yver svaret hans og tagde.
- 27 So kom det nokre sadducæarar - det er dei som neittar at dei daude skal standa upp att - dei og sette fram eit spursmål for honom og sagde:
- 28 «Meister, Moses hev skrive den lovi åt oss, at når ein gift mann døyr barnlaus, so skal bror hans gifta seg med enkja og halda uppe ætti åt bror sin.
- 29 No var det ein gong sju brør. Den fyrste tok seg ei kona, men døydde barnlaus.
- 30 So gifte den andre seg med henne,
- 31 og so den tridje, og sameleis alle sju; dei døydde og hadde ikkje born etter seg.
- 32 Til slutt døydde kona og.
- 33 Kven av deim skal no den kona høyra til i eit anna liv? For alle sju hev havt henne til kona.»
- 34 Jesus svara: «Dei som liver her i verdi, dei gifter seg og vert burtgifte;
- 35 men dei som vert haldne verdige til å nå hi verdi og standa upp att frå dei daude, dei korkje gifter seg eller vert burtgifte;
- 36 dei kann heller ikkje døy meir; for dei er liksom englarne og er Guds born, av di dei hev stade upp att til eit nytt liv.
- 37 Men at dei avlidne skal vekkjast upp att, det hev Moses og synt i soga um klungeren, der han kallar Herren Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.
- 38 Og han er ikkje Gud for dei daude, men for dei livande; for alle er livande for honom.»
- 39 Då tok nokre skriftlærde til ords og sagde: «No tala du vel, meister.»
- 40 Og dei torde ikkje oftare spyrja honom um noko.
- 41 So sagde han til deim: «Korleis kann dei segja at Messias er Davids son?
- 42 David segjer då sjølv i Salmeboki: «Herren sagde til herren min: «Sit ved høgre handi mi,
- 43 til eg dine fiendar fær til fotbenk for deg lagt!»»
- 44 So kallar no David honom herre; korleis kann han då vera son hans?»
- 45 Sidan tala han til læresveinarne og sagde so heile folket høyrde det:
- 46 «Agta dykk for dei skriftlærde som likar å ganga ikring i side kjolar og gjerne vil helsast torgi og hava dei fremste sessarne i synagogorne og dei høgste sæti i gjestebod!
- 47 dei som et upp huset for enkjor og for ei syn skuld held lange bøner. Dei skal få so mykje strengare dom.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗