고린도후서 6장 Studentmållagsbibelen frå 1921
Studentmållagsbibelen frå 1921 · 노르웨이어(뉘노르스크) · 고린도후서 (2 Corinthians) · 18절
- 1 Men som medarbeidarar legg me dykk og på hjarta, at de ikkje til unyttes må taka imot Guds nåde.
- 2 For han segjer: «I den tid som meg tektest, bønhøyrde eg deg, og på frelse-dagen hjelpte eg deg.» Sjå, no er det tid som tekkjest vel, sjå, no er det frelse-dagen!
- 3 Og me gjev ikkje meinstøyt i nokon ting, so ikkje tenesta skal verta lasta,
- 4 men i alt viser me oss som Guds tenarar: ved stort tolmod, i trengslor, i naud, i hugverk,
- 5 under slag, i fengsel, i upprør, i træling, i vaking, i fasta,
- 6 ved reinleik, ved skynsemd, ved langmod, ved godleik, ved den Heilage Ande, ved uskrymta kjærleik,
- 7 med sannings ord, med Guds kraft, med rettferds våpn på høgre og vinstre sida;
- 8 i æra og vanæra, med lastord og lovord, som villførande og endå sannferdige,
- 9 som ukjende og endå velkjende, som døyande, og sjå, me liver! som dei som vert refste, men ikkje ihelslegne,
- 10 som syrgjande, men alltid glade, som fatige, men som endå gjer mange rike, som inkje havande og endå eigande alt.
- 11 Vår munn er upplaten mot dykk, korintarar, vårt hjarta hev vidga seg ut.
- 12 De hev ikkje trongt rom hjå oss, men det er trongt i dykkar hjarto.
- 13 Men til likt vederlag - eg talar som til born -: vidga de og ut dykkar hjarto!
- 14 Gakk ikkje i framandt ok med vantruande! For kva samlag hev rettferd med urett? eller kva samfund hev ljos med myrker?
- 15 Og kva samklang er det millom Kristus og Belial? eller kva lut hev ein truande med ein vantruande?
- 16 Og kva semja hev Guds tempel med avgudar? For me er den livande Guds tempel, som Gud sagde: «Eg vil bu og ferdast millom deim, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.»
- 17 «Difor, gakk ut frå deim, og skil dykk frå deim, segjer Herren, og rør ikkje ved ureint, so skal eg taka imot dykk,
- 18 og eg skal vera dykk ein fader, og de skal vera meg søner og døtter, segjer Herren, den allmegtige.»
- 📚 Studentmållagsbibelen frå 1921 책 목록
- 개역개정판 (1998)로
- 개역한글판 (1961)로
- 표준새번역 (1993)로
- King James Version로
- KJV 와 나란히
- 🌐 다른 언어·판
Studentmållagsbibelen frå 1921 — getbible.net(CrossWire SWORD 모듈)에서 가져옴 · 라이선스: 공개 도메인 (Public Domain) · 출처 ↗